NRK Meny
Normal

Ny brytekamp for forsvarsklippa i kveld

Kjerstin Boge Solås og juniorlandslaget har opna med to kanonkampar i forsvar i junior-EM, og 17-årigen kjem til å spele ei avgjerande rolle også i kveld.

Kjerstin Boge Solås

VIKTIG: Kjerstin Boge Solås (t.v.) tek skotarmen til ein spansk spelar. Sjølv seier ho at siger i kveldens kamp mot Portugal blir avgjerande for å nå medaljemålet.

Foto: eurohandball.valencia2015.com2015

Dei to første kampane har enda med to sigrar mot Kviterussland (27–17) og heimenasjonen Spania (28-20), og i kveld ventar Portugal i siste kamp i gruppespelet.

– Eg trur kampen blir tøff og spennande. Står vi slik vi har gjort i forsvar dei to første kampane, og klarar å komme til dei gode sjansane i angrep, trur eg vi tar Portugal i kveld, skriv Boge Solås på SMS frå Spania.

Kjerstin Boge Solås

TALENT: Kjerstin Boge Solås.

Foto: Svein André Svendsen

Dale-jenta fylte 17 år i desember, og er blant dei yngste på juniorlandslaget. Trass den unge alderen har ho allereie vore ei viktig brikke for Førde i 2. divisjon i to år. Til hausten skal ho spele for eliteserielaget Tertnes.

Etter første kamp mot Kviterussland var juniorlandslagstrenar Tore Johannesen, som også skal trene Boge Solås i Tertnes til hausten, full av lovord om innsatsen til sin komande elev. Boge Solås sjølv, er meir oppteken av den gode starten til laget, som no står med to sigrar av to moglege.

– For oss og meg er det viktig med ein god start på meisterskapen. Det gir tryggleik.

Norge toppar gruppa med fire poeng, og målet er å gå langt. Då blir eit godt resultat i kveldens kamp mot Portugal viktig.

– Vi hadde som mål før vi kom hit å kjempe om medalje, og eg trur det er eit realistisk mål. Vi må berre prøve å få eit godt utgangspunkt ut av gruppespelet, slik at vi får ei god plassering inn i mellomspelet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune