Hopp til innhold

I kveld tenner han opp bål i tunnelen

Med brannane i Gudvangatunnelen og Skatestraumtunnelen friskt i minne er brannvesenet i Stryn glade for alle moglegheiter til å øve på brann i tunnel. I kveld tenner dei opp bål i Oppljostunnelen på Strynefjellet.

John Jatgeir Vinsrygg

VIKTIG: John Jatgeir Vinsrygg, varabrannsjef i Stryn, seier det er svært viktig for dei å få øve på brann i tunnel.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Øving gjer meister heiter det, seier varabrannsjef John Jatgeir Vinsrygg i Stryn kommune.

Brannmannskap, politi og helsepersonell frå begge sider av Strynefjellet skal i kveld øve på tunnelbrann i Oppljostunnelen. Berre frå Stryn brannvesen skal 20 mann delta i øvinga som skjer mellom klokka 20 og 22.

– Vi skal tenne opp eit bål i tunnelen, og få skikkeleg røyk og så skal vi øve oss, seier varabrannsjefen som fortel at dei mellom anna vil få testa samband, samarbeid, og det tekniske utstyret.

– Kor stort er behovet for å få øve seg på brann i tunnel?

– Med tunnelbrannane i Sogn og andre stader sterkt i minne, er det klart at Strynefjellstunnelane kan bli eit mareritt for oss om det tek fyr i ein bil der oppe. På sommaren er det mykje utanlandstrafikk i tunnelane, det er mange bussar og kanskje også mange bussar inni tunnelane samtidig. Så det er veldig kjekt for oss å få høve til å øve oss på ein skikkeleg måte, slik vi skal i kveld, seier Vinsrygg til NRK.no.

Varabrannsjefen seier alt dei har av forskjellige typar øvingar gjer dei betre rusta.

– Alle øvingar gjer oss betre. Slik kan vi få avklart ting vi må gjere betre, ting som kanskje ikkje fungerer i samarbeid med politi og ambulanse, kva som fungerer i tunnelane, viftestyring og samband for å nemne noko, seier han.

Statens vegvesen melder at personbilar kan køyre over Gamle Strynefjellsveg i staden medan tunnelen er stengd, medan større køyretøy må vente til øvinga er ferdig klokka 22.