Hopp til innhold

Alexander Pavelich gjekk vidare i «Stjernekamp»

Mor og operasjef Kari Standal Pavelich sat i salen då sonen Alexander gjekk vidare frå operakvelden i «Stjernekamp».

Alexander Pavelich i Stjernekamp

SYNG I KVELD: Alexander Pavelich frå Eid framførte «Nessun dorma» frå operaen Turandot av Giacomo Puccini.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Som sistemann ut av dei sju attverande deltakarane i NRK-programmet «Stjernekamp», framførte Alexander Pavelich frå Eid «Nessun dorma» frå operaen Turandot av Giacomo Puccini.

Det heldt til terningkast fem frå NRK sin meldar. Han fekk også gode tilbakemeldingar frå dommarane, og gjekk vidare i konkurransen.

– Du klarte det så bra. Du er ein ordentleg musikar, sa ekspertdommar Solveig Kringlebotn.

Spent mor

I salen sat ei ekstra spent mor, operasjef ved Opera Nordfjord Kari Standal Pavelich. Ho synest sonen hadde gjort eit modig val.

– Det er eit veldig vågalt val, for det er ei av dei største tenorariane som finst. Det er testen for om du er ein tenor – om du kjem opp på den høge tonen på slutten der, seier Pavelich.

Familiesjanger

Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich er primus motorar for Opera Nordfjord i Eid. Operasjefen fortel at også sonen Alexander har vore med i operakoret fleire gonger, og at han hadde ei lita songrolle i oppsetjinga i 2010.

– Han har vore med på opera, og kjenner operaklangen men ikkje vore med som stor solist. Så det blir litt nytt uansett, seier ho.

Kari Standal Pavelich

SPENT: Kari Standal Pavelich følgjer spent med frå salen når sonen Alexander i kveld skal syngje opera i programmet Stjernekamp. Operasjefen har med seg eine dottera venner, kjende og familie frå Eid og andre stader.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Råd hadde han likevel ikkje bedt om i forkant av konkurransen.

– Eg tipsa om at han kunne spørje faren om råd om italiensk uttale eller teknikk. Men det var ikkje nødvendig. Han fekk 20 minutt med Solveig Kringlebotn, og det gjekk visst veldig fint, seier ho.

Høgt nivå

I dei to første programma var det rock og countrylåtar deltakarane fekk prøve seg på. For to veker sidan var det hip hop som var tema for kvelden, mens det førre laurdag var soul.

– Han har fått litt blanda mottaking frå dommarane, men sist gjekk det veldig bra. Eg synest han har sunge veldig fint alle dei fire gongane han har vore der, sa ho før operakvelden.

Generalprøve før opera i Stjernekamp

OPERAKVELD: Dei sju attverande deltakarane konkurrerte i opera.

Foto: David Brandt/NRK

Pavelich peiker på at nivået i konkurransen er høgt.

– Eg sit hjartet i halsen kvar veke og lurt på om han går vidare. Ingenting er sjølvsagt, heller ikkje i dag.

Har nådd målet

Operasjefen fortel at målet til sonen har vore å kome til operasjangeren, slik at han får syngje saman med Kringkastingsorkesteret. Ho meiner opera kanskje er den mest krevjande songforma deltakarane bryner seg på.

– Dei må bruke hovudklang og støtte frå resten av kroppen, og ikkje så mykje brystklang som ein bruker i pop, soul og dei sjangrane. Så eg vil nok seie opera er den vanskelegaste sjangeren å klare seg bra i, seier ho.

Maria Arredondo gjekk ut av konkurransen etter operakvelden.