Hopp til innhold

I kveld heiar operamamma på hiphop-Alex

NORDFJORDEID (NRK): Det er musikalske kvantesprang mellom hiphop og opera, men begge sjangrane står i hovudet på familien Pavelich denne veka.

Kari Standal Pavlich

OPERARÅD: – Som operasongar må du gå inn i ei rolle og leve den fullt og heilt, og det må han også gjere. Eg trur han gler seg veldig til denne låten her. Vi får håpe han ikkje har nokon hemningar, seier mor Kari Standal Pavelich.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg synest han har klart seg veldig bra. Under det første rockeinnslaget vart eg veldig positiv over den høge noten. Då stod jubelen i stova, seier Kari Standal Pavelich.

Fiolinist og operasjef Standal Pavelich er på Operahuset på Nordfjordeid og ser scenegolvet bli bona før premiera på La Boheme. Men denne veka måtte operaelskaren dukke ned i hiphopens verd. For kva har eldstesonen gitt seg ut på?

– Eg måtte jo høyre kva dette var for noko. Ein kveld fann eg fram tittelen og Eminem og høyrde på heile låten før eg la meg.

For laurdag står Alexander Pavelich på scena under ei ny, spennande utgåve av Stjernekamp. Hiphop er tema og Pavelich skal synge Eminem sin «Lose Yourself».

Alexander Pavelich

KLAR IGJEN: Alexander Pavelich skal synge Eminem sin slager «Lose Yourself» laurdag kveld.

Foto: NRK

Eit tøft val

Etter å ha høyrd songvalet vedgår ho at han ikkje gjer det enkelt for seg sjølv.

– Det slo meg at det er ein utruleg komplisert låt med utruleg mykje tekst. Eg tenkte, jøss, dette er ikkje noko enkelt.

– Det er jo enklare å synge ein enkel operaarie enn dette! Desto meir spennande å sjå korleis han klarar seg.

29 år gamle Alexander Pavelich har vokse opp på Nordfjordeid med foreldre som primus motorar for Opera Nordfjord. Sonen har følgt i foreldra sine musikalske fotspor og var sjølv ekspert i elektronisk dansemusikk i fjorårets sesong av "Stjernekamp".

– Han har evne til å synge forskjellige stilartar, men det har jo også dei andre, så det var litt skummelt at han kom ned blant dei tre siste, seier Kari om sendinga sist laurdag.

Den kvelden var det Dag Ingebrigtsen som rauk ut.

Frå Puccini til Eminem

Medan Alexander finpussar hiphopen til Eminem, er far Michael på operaen i Bjørvika og øver med solistar til La Boheme.

– Der er det Puccini for fullt, men laurdag er han i studio og heiar. Så eg trur at det skal gå heilt fint å skifte modus og kome inn i Eminem-grooven.

Sjølv skal Kari sitte heime med mobilen i handa.

– Å, ja, det vert nok nokre ekstra høge mobilrekningar i vekene som kjem, ler Standal Pavelich.