NRK Meny
Normal

I kveld har Wenche fullt hus på krisesenteret

I dei 18 åra Wenche Hovland har jobba på krisesenteret, har ho aldri opplevd tomt hus på julafta.

Wenche Hovland, Krisesenteret i Flora

TEK IMOT: Wenche Hovland er leiar for krisesenteret i Sogn og Fjordane. I kveld er dei 17-18 personar til bords på senteret.

Krisesenteret i Florø har sidan 1985 vore eit lågterskeltilbod der kvinner og barn, og også menn, kan søke tilflukt for å berge liv og helse. No i jula opplever dei stor pågang av som treng den tryggleiken senteret kan tilby.

– Vi har fleire familiar som bur på krisesenteret i jula. Sjølve julafta så blir det fullt hus, vi har også invitert nokon einsame familiar som ikkje har noko nettverk, til å feire jul på krisesenteret, fortel leiar Wenche Hovland.

Også familiar som har budd på krisesenteret tidlegare, men som har flytta ut i eigen bustad, kjem til senteret i kveld.

– Så på julafta blir vi 17-18 menneske her, seier Hovland.

– Kva forventningar har de til julehøgtida når det gjeld pågang til krisesenteret?

– Det er veldig uføreseieleg. Det kan kome inn folk når som helst. Vi har beredskap døgnet rundt, også i jula. Det er alltid folk klar til å ta imot dei som treng hjelp frå krisesenteret.

Vegopning på Bergum i Førde kommune