Hopp til innhold

Spår ein hektisk kveld for Sogndal-stopparane

Sogndal-stopparane kan bu seg på ein stri tørn når dei i kveld får besøk av Vålerenga og målmaskina Vidar Örn Kjartansson.

Gustav Valsvik

FORSVAR: Gustav Valsvik er budd på mange tøffe duellar med ei islandsk målmaskin om han får spele kveldens oppgjer mot Vålerenga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er NRKs fotballekspert, Karl-Petter Løken, sin klare spådom før oppgjeret mellom to av formlaga i Eliteserien.

Islendingen Vidar Örn Kjartansson har teke norsk fotball med storm og tronar øvst på toppscorarlista med 13 mål på 12 kampar.

  • Nedst i saka kan du følgje utviklinga i kampen spark for spark

– Ein klassisk målscorar, med ei eiga evne til å dukke opp der det skjer noko. Sogndal må vere merksame innanfor eigen 16 meter, for Kjartansson treng berre ein sjanse på å avgjere, seier Løken.

Formlag møtes

Det er to av formlaga i Eliteserien som møtest på Fosshaugane i kveld. Berre Molde har gått fleire kampar utan tap enn Sogndal og Vålerenga sine høvesvis fem og sju kampar.

For laget frå tigerstaden har mykje handla om ein 24-åring frå Sagaøya.

– Kjartansson driblar kanskje ikkje så mykje, men omset som regel dei sjansane han får. Det gjeld å vere vaken i boks, og ta han mest mogleg ut, seier Sogndal-stoppar Gustav Valsvik.

– Må vere på vakt

Karl-Petter Løken

UAVGJORT: Karl-Petter Løken trur Sogndal får ein stri tørn med Vidar Örn Kjartansson, men trur likevel på 1-1 i kveldens oppgjer.

Foto: NRK

Ei slik vurdering er Løken samd i. Det er innanfor 16-meteren at Kjartansson har vist ei eiga evne til å dukke opp der ballen hamnar.

– Det handlar om å markere skikkeleg når Vålerenga angrip. Då har dei ein moglegheit. Eg trur Kjartansson vil komme avslutningsmoglegheiter, og då må Sogndal-forsvaret verkeleg vere på vakt, seier Løken og meiner islendingen er eliteseriens desidert beste målscorar.

– Han er god på mange ulike avslutningsteknikkar og har eit stort reportoar på scoringane sine.

Presisjon

– Kva er det som gjer Kjartansson så god?

– Han har vore flink til å fokusere på det som er viktigast framfor mål: å behalde roen, og han har gjort nok avslutningar slik at han er trygg når han kjem i dei avgjerande situasjonane. Om det er med hovudet, venstre fot eller høgre fot.

– Det du ofte ser med Kjartansson, er at han avsluttar ikkje nødvendigvis med mykje kraft, men med presisjon. Det betyr at han har trena mykje på det og då blir du veldig trygg, legg Løken til.

Fått orden på forsvaret

Men Sogndal har også sine styrkar. Etter 11 baklengsmål på dei fire første kampane, har Jonas Olsson sine utvalde fått sving på forsvarsspelet sitt.

På dei siste åtte kampane er det i snitt blitt eitt baklengsmål. Dei to siste kampane har dei halde nullen. Valsvik håpar kveldens oppgjer gir den tredje «smultringen» på rad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vidar Örn Kjartansson

AVSLUTTAR: Vidar Örn Kjartansson har bøtta inn mål for Vålerenga.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Spelar vi med tre midtstopparar sentralt, så trur eg han skal slite med å komme til dei store sjansane, seier vikjen og siktar til Kjartansson.

Trur på jamn kamp

Sogndal stiller med fulltallig og skadefri tropp til siste kamp før ferien. Løken trur det blir eit jamt oppgjer. Han meiner Sogndal har ein brukbar sjanse til å vinne.

– Heime er Sogndal i stand til å slå kven som helst, og å hamle opp med alle lag.

– Kva ser du som styrken til Sogndal?

– Først og fremst at dei står saman som eit lag, og når dei lukkast med det, så er Sogndal eit godt fotballag. Som alle andre har dei gode spelarar, og ein jamn tropp, men Sogndal sin styrke er lagmoralen.

– Må halde tett

– Men dei avheng av å halde rimeleg tett bakover i bana. For Sogndal er ikkje noko lag som bøttar inn mål, held Løken fram.

Valsvik forsikrar at dei ikkje kjem til å legge seg nedpå mot Vålerenga.

– Vi må gå ut som vi har gjort heime dei siste kampane. Vise at det er vi som eig bana og trykke på. Så trur eg det vil halde ganske langt, seier midtstopparen.

– Kor viktig er det å få avslutta vårsesongen på ein god måte?

– Det gir oss ein boost inn mot haustsesongen å få desse tre poenga. Eg trur folk er veldig sugne på å få ein siger og avslutte før ferien på ein god måte.

Laster innhold, vennligst vent..