NRK Meny
Normal

I kveld var Stian først i gullrekkja

I kveld var Stian Sjursen Takle frå Førde førstemann ut i gullrekkja på NRK1.

Roar Mathias Føyner Wie (t.v.) og programleiar Stian Sjursen Takle.

PÅ BESØK: I si første sending som programleiar for Norge Rundt besøker Stian Sjursten Takle (t.h.) blant andre Mathias Føyner Wie i Bergens Roklubb.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

– Det blir skummelt. Men så håpar eg det skal bli kjekt. Det var jo litt uverkeleg då eg fekk spørsmål om å leie Norge Rundt. Eg har jo sett på programmet sidan eg var liten sjølv, og eg er jo veldig glad i programmet, seier Sjursen Takle.

– Kunne ikkje seie nei

Til dagleg er han programleiar på radio, prosjektleiar og reporter i NRK Sogn og Fjordane. Lavikdølen er ein av veteranane i redaksjonen i Førde, og ei kjent stemme for mange i fylket. I konkurranse med fleire kollegaer i redaksjonen vart han plukka ut til å vere programleiar for eit av Norges mest sette TV-program, då det igjen var NRK Sogn og Fjordane sin tur til å leie programmet.

– Dette er jo eit spørsmål du må berre seie ja til. Det er jo fantastisk å verte spurd, seier programleiaren tydeleg stolt – og spent.

Vil besøke Sogn og Fjordane

Sjursen Takle skal leie Norge Rundt fram til neste programleiar tek over roret i starten av oktober, berre avbroten av ein sendepause i sommar. Han lovar at han vil ta sjåarane med til heimfylket som han er så glad i.

– Eg har sjølvsagt lyst til å ta sjåarane med til Sogn og Fjordane etter ferien.

Han legg ikkje skjul på at han er spent framfor debuten, der han vil ta sjåarane med på besøk hos Bergens Roklubb mellom reportasjane. Her fekk han sjølv prøve ein av dei smale konkurransebåtane.

– Det kjekkaste med denne jobben er jo å reise rundt og få møte folk som elskar det dei driv på med, og som har noko som dei er stolte av å vise fram. Det gler eg meg mest til.

Kjendis

Sjølv om han no vert eit kjent ansikt i gullrekkja til NRK1 i nokre månader, trur han ikkje på eit liv som A-kjendis.

– Eg forventar ikkje telefon frå Se og Hør, men om dei ringjer tek eg tek eg telefonen. Eg er jo ein kar som elskar å snakke med folk, ler Stian Sjursen Takle.