I kveld skal han berre følgje råda frå pappa

Som alle andre begynte Jørn Trollebø Kvalheim med blokkfløyte på skulen. I motsetnad til mange, stogga det ikkje der. I kveld er han ein av ti deltakarar når finalerundane av Idol brakar laust.

Jørn Trollebø Kvalheim

KLAR: Jørn Trollebø Kvalheim er klar for finalerundane av Idol. Her er han i studio hos God Morgon Norge på TV2.

Foto: Silje Guddal / NRK

Låten Jørn Trollebø Kvalheim skal framføre i den direktesende talentkonkurransen på TV2, er «Brother» av Matt Corby.

– Det er ein kjensleladd song, som har veldig stort fokus på formidling. Det er også litt action, så eg får vist litt meir breiare side av meg sjølv, seier Idol-håpet frå Måløy.

Danka ut 3.500

Trollebø Kvalheim har rørt dommarpanelet til tårer på vegen til finalerunden. På vegen har han også utkonkurrert nær 3.500 håpefulle.

Og i kveld startar altså finalerunden med vågsøyværingen som vårt lokale Idol-håp.

– Det er ei bisarr oppleving å ha kome hit. Topp ti, blant 3.500 påmelde. Det er latterleg kult, vedgår Trollebø Kvalheim.

Ikkje plan om å gå vidare

For ungguten har kome langt lenger enn det som var målet. Før var han kjent som trubadur, no er han Idol-Jørn.

Målet var å få tilbakemeldingar frå dommarpanelet ved Kurt Nilsen, Tone Damli Aaberge, Gunnar Greve og Esben «Dansken» Selvig.

– Det var å få tilbakemeldingar på det eg gjer og kva eg bør jobbe vidare med, og så reise heim att. Men det skjedde jo ikkje. Det var ikkje planlagt å gå vidare frå audition, humrar han.

Glad i å prøve

Som alle andre byrja Trollebø Kvalheim med blokkfløyte på skulen. Men det stogga ikkje der. For vågsøyværingen gjekk vidare til kornett, tromme, piano, gitar og til slutt songen.

– Eg er veldig glad i å prøve ut alle moglege instrument eg kjem over, seier Idol-håpet som no har Høgskulen i Volda si velsigning til å bytte ut pensumet ved musikklinja med Idol-sirkuset.

– Korleis skal du takle det å gå på scena i kveld?

– Eg tenkjer berre tilbake på dei råda eg har fått av pappa. Han seier for det første at du skal halde hovudet nede på skuldrene og skuldrene nede. Så skal du berre gjere så godt du kan. Meir kan ein ikkje gjere.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.