Hopp til innhold

I kveld bør du følgje nøye med på himmelen

I kveld kjem jorda mellom sola og månen, og me får ei måneformørking.

Månen over Aurlandsfjellet torsdag kveld

SKIN: Denne skin nok ikkje like sterkt i kveld, her sett over Aurlandsfjellet torsdag kveld.

Foto: Jan Christian Jerving / Privat

– Det er ein moglegheit for at ein kan sjå det med det blotte auge, seier Tor Einar Aslesen frå Norsk Astronomisk Selskap.

Tor Einar Aslesen

SPENT: Tor Einar Aslesen gler seg til kveldens måneformørking, sjølv om den ikkje blir spesielt spektakulær.

Foto: Privat

Likevel opplyser Aslesen at det ikkje vert like dramatisk som fjorårets «blodmåne». Dette er fordi kveldens astronomiske hending er ein halvskugge, ikkje ein heilskugge. Månen blir då ikkje heilt mørklagd, men det legg seg ein skugge over halve satellitten.

Om lag klokka 20:54 vil formørkinga vere på sitt kraftigaste.

– Ljoset blir så spreidd i atmosfæren på veg til jorda, at ein ser det best med spesielt måleutstyr eller fotografiapparat, seier Aslesen.

Vil du fotografere månen?

– Om forholda er gode, gjer eg nok eit forsøk på å ta bilete av den, seier frilansfotograf Runar Sandnes.

Runar Sandnes

BLODMÅNE: Sandnes fotograferte blodmånen i fjor haust.

Foto: Privat

Han har foreviga fleire månehendingar, og er svært oppteken av det som rører seg langt der oppe. Han vil tipse andre fotografar om å komme seg ut om vêret tillèt det.

– Kameraet fangar opp ljoset på ein annan måte enn me gjer med auga, forklarar Sandnes. Han meiner ein lettare kan sjå formørkinga i kveld med eit kamera eller med eit teleskop.

– Om ein kan, forsøk å få ein fin horisont mot sør-søraust for å fange dei beste bileta, avsluttar fotografen frå Breim.

Måneformørking sett over Sandane 9. november 2003

STOR FORMØRKING: Runar Sandnes fotograferte ei måneformørking over Sandane i 2003.

Foto: Runar Sandnes

Slik blir vêret i kveld

Det er frå Romsdal og nordover ein helst bør vere om ein skal få med seg himmelfenomenet, aller best skal det bli nord for Trøndelag. Meteorologisk institutt opplyser at det sør for Stad og Dovre vil vere større lokale variasjonar med skya og delvis skya vêr som kan skugge for måneformørkinga.

Laster Twitter-innhold