Hopp til innhold

I kø for å skrote gamle bilar

I dag var siste dag for å avskilte bilen din, dersom du vil sleppe å måtte betale årsavgift. På to dagar tok bilopphoggeriet på Reset i Førde imot 120 bilar.

Siste reis

I BØTTER OG SPANN: Mange nytta høvet til å vrake bilen sin innan fristen, for å sleppe å betale årsavgift.

Foto: Birger Meland

Hjå Sunnfjord Bil på Reset i Førde stod folk nærast i kø for å kvitte seg med gamle travarar denne veka.

Største trøkket på folk som ville kvitte seg med bilar var måndag.

– Då fekk vi inn nesten 80 bilar. Det må vi seie er bra. I dag har vi runda 40 bilar, seier Torbjørn Strømsli, som fortel om travle dagar.

– Det har vore utruleg hektisk. Det har omtrent ikkje vore ei stille stund, seier Strømsli.

Fekk inn bil med krans i baksetet

Dei fleste leverer bilane sine til opphogging utan at det er knytt så altfor mange kjensler til det. Men det finst unnatak. Opptil fleire, faktisk.

– Ein gong fekk vi inn ein gammal golf. Då låg det ein krans i baksetet der det stod farvel på siste reisa, fortel Strømsli, og legg til at det er fleire som nok har eit litt tettare forhold til bilen enn kanskje kva som er vanleg.

– Det er klart at det kan bli litt slik når ein har hatt ein bil så lenge, seier Strømsli, og legg til at nokon faktisk bryt litt saman når dei tek farvel med gamlebilen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siste tur

HØGT TIL VERS: Her er ein bil på veg til samanklemming.

Foto: Birger Meland / NRK

Mange tek til tårene

– Vi har fleire gonger opplevd at folk tek til tårene. Etter mange år med same bil så legg ein nok ein del kjensler i det, seier Strømsli.

Dei fleste ser for seg bilar som vert klemde i hop til ein liten metallfirkant, og så stabla i haugar for å bli køyrde vekk. Men mykje skjer før bilen kjem så langt.

– Når vi får bilen inn blir han miljøsanert. Og så har vi ein stor plass der vi oppbevarer deler til deleplukk, fortel Strømsli, og legg til at alt som kan nyttast igjen, blir teke av.

Skrapet går til attvinning

Etter at bilane er ribba for alt som er brukande, står det att å få dreis på karosseriet. Ei maskin klemmer dei til ein uformeleg klump, og så går vraket til attvinning.

Dermed kan nokon sin gamle bil komme att som blekkboksar og sprayflasker og slikt.

– Etter at vi er ferdige med det, går det til attvinning. Og då kjem det att som mykje rart, seier Strømsli.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Auka vrakpant lokkar mange

Auka vrakpant lokkar mange

Tok farvel med bil etter 14 år

Jan Arne Haugum var ein av dei som hadde møtt fram for å ta farvel med ein gammal slitar gjennom 14 år. To klypp med avbitartanga, og vips var skiltet av og den grå Audien klar for opphogging.

– Eg har ingen problem med å gjere dette. Det har vore ein bra bil, seier Haugum.

Han fortel at han har hatt bilen i 14 år, og at det skulle bli så lenge, hadde iallfall ikkje seljaren trudd.

– Han som eg kjøpte han av, meinte han neppe ville halde meir enn i fem år. Det har vore ein god bil, men no er det så mykje rust på han at eg berre lyt ta han, seier Haugum.

Men mora nektar å skrape sin

Mora hans, Nora kom susande i sin 1978-modell Opel Kadett for å plukke opp sonen. Og ho er tindrande klar på at sjølv om ho køyrer ein gammal bil, så skal han aldri hamne på skrapdungen på Reset.

– Nei, denne bilen vil eg ikkje kvitte meg med. Det er knytt så mange minne til denne bilen, og han har køyrt rundt med så mange generasjonar, så det vil eg ikkje. Han har køyrt både søner, barnebarn og no skal han snart køyre oldebarn, seier Nora Haugum.

Den trufaste opelen har vore på turar rundt om i landet, og endåtil i Europa. Og litt dramatikk har han også opplevd.

– Vi er til og med vorte pårygga av ein brannbil, seier Nora.