Hopp til innhold

– Det er ikkje vits å utdanne til arbeidsløyse. Det skal vere arbeid til elevane når dei er ferdige

HYEN (NRK): Djupt inne i ein norsk fjord får innvandrar lære norsk og samstundes lære å byggje nokon av dei mest avanserte skipa som blir produsert her i landet.

LÆRE FAGET: Malek Shubat frå Syria (24) og
Okubay Yemane (25) frå Eritrea lærer om plast og kompositt ved båtbyggjarverksemda Brødrene Aa. Nasradin Abishakur (25) frå Etiopia er utplassert hos Strukturplast på Sandane.

LÆRE FAGET: Malek Shubat frå Syria (24) og Okubay Yemane (25) frå Eritrea lærer om plast og kompositt ved båtbyggjarverksemda Brødrene Aa. Nasradin Abishakur (25) frå Etiopia er utplassert hos Strukturplast på Sandane.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Skipsverftet Brødrene Aa ligg i Hyen i Gloppen i Sogn og Fjordane. Her lagar dei miljøvenlege hurtigbåtar til heile verda. No får dei også arbeidshjelp frå heile verda. Tilbake får dei framandspråklege lære både norsk og avansert skipsbygging.

Malek Shubat frå Syria og Okubay Yemane frå Eritrea vil ha utdanning og arbeid. Opplæringa dei er ein del av, skal sikre begge delar.

– Vi har lyst til å lære eit nytt fag, seier Malek Shubat (24) frå Syria.

– Seinare vil eg fortsetje å studere same fag og byggje båtar.

Han er ein av ni framandspråklege elevar som lærer om plast, kompositt eller betong i regi av Firda vidaregåande skule. Tidlegare har den såkalla «Gloppenmodellen» innanfor helsefag vekt nasjonal merksemd.

Opplæringsmodellen, som legg vekt på å kombinere språkopplæring og tidleg praksis, har no teke steget over i privat næringsliv.

Snudd på hovudet

Skulen samarbeider med Nav og bedriftene om tilbodet. Fagleiar Ann Iren Festervoll i Flyktningtenesta i Nav Gloppen har reist landet rundt for å fortelje om «Gloppenmodellen». Dei legg vekt på behovet for arbeidskraft før dei startar opp utdanning.

– Det er ikkje vits å utdanne til arbeidsløyse. Vi er opptekne av at det skal vere arbeid til elevane når dei er ferdige, seier Festervoll.

Modellen snur opplæringa på hovudet sett opp imot andre fagutdanningar. Elevane har både praksis og teori frå første dag.

– Då får elevane også bruke språket meir, og dei får seg eit nettverk gjennom arbeid, seier ho.

Får læreplass

I ein kortare praksis får elevane teste yrket, så dei veit kva dei begynner på og kva jobb som ligg i andre enden.

– Vi bruker tid på at elevane skal bli kjende med yrket, seier Firda-rektor Hallgeir Hansen.

Ulikt andre fagutdanningar er elevane sikra ein læreplass når dei begynner i opplæring.

– Det er veldig viktig for tryggleiken deira. Vi veit det ofte er vanskeleg å få læreplass, og eg trur òg det er lettare for ein med norske enn utanlandsk namn. Med sikra læreplass kan dei få jobbe og gå løpet fullt ut, seier faglærar Arne Klakegg.

Sikrar arbeidskraft

Administrerande direktør i Brødrene Aa Tor Øyvin Aa meiner «Gloppenmodellen» fungerer for deira bedrift.

– Vi synest dette er ein positiv måte å sikre oss framtidige, dyktige arbeidarar på. Dei får vere i bedrifta, lære teorien og sjå om det er ein interessant arbeidsplass for dei, seier han.

Okubay Yemane ønskjer å halde fram i bedrifta når læretida er over.

– Eg vil jobbe her, og få fast jobb, seier han.

Elevar tar utdanning plast og kompositt

KOMBINERER UNDERVISNING OG PRAKSIS: Elevane Nasradin Abishakur, Malek Shubat og Okubay Yemane saman med faglærar Arne Klakegg. No er elevane tre dagar på skulen og to dagar i bedrift.

Foto: Benedikte Grov / NRK