Hopp til innhold

I helga tok ho NM-gull - i dag vart ho utteken til VM

Mari Felde Liljedahl (16) gjorde reint bord under NM på telemark på Hafslo i helga. Og i dag fekk ho beskjeden ho har venta på.

Mari Felde Liljedal

GLER SEG: – Eg skal gjere mitt beste, seier Mari Felde Liljedal.

Foto: privat

– Det er veldig kjekt. Eg har ein god følelse, seier Liljedal, som i dag fekk beskjed om at billetten til junior-VM er i boks.

Neste helg dreg ho og klubbkamerat Øyvind Vagstad (20), begge frå Syril, til Frankrike for å delta i verdscupen og på junior-VM i Frankrike i telemarkskøyring.

For Liljedal er det ekstra kjekt, sidan det er hennar første VM.

– Det kjennest veldig bra at eg får vere med sidan eg har lagt ned så mykje trening, seier Liljedal.

Stakk av med NM-tittelen

Førre helg debuterte Leikanger-jenta som førsteårsjunior og overraska alle då ho sikra seg NM-tittelen søndag, i tillegg til ein andreplass laurdag. Ho trur sjølv at dei gode resultata i helga er medverkande til at ho no sit på ein VM-billett.

– Ja, det reknar eg med, seier Liljedal.

Søndag set ho, saman med klubbkamerat Øyvind Vagstad, nasen mot Frankrike, og der vert dei i halvanna veke.

Ho tykkjer det er ekstra kjekt å ha med nokon som er erfaren. For medan dette er hennar første junior-VM, er dette Vagstad sitt siste av slaget.

Fjorårets noregsmeister for juniorar er i år siste års junior, og har vore med i VM før.

– Men det er like stort kvar gong, og ein får litt ekstra nervar. Sidan eg er siste års junior er det siste sjanse eg har til å hevde med i junior-VM. Det blir spennande, seier Vagstad.

Øyvind Vagstad førebur seg til NM i telemark på heimebane, der han slåst om ein plass til junior-VM.

Tek det med knusande ro

Beste plassering er ein 9.-plass i junior-VM frå USA i fjor.

– Men grunnlaget mitt i år er litt dårlegare enn i fjor. Men med 100 prosent klaff kan eg klatre litt. Det må vere målet, seier Vagstad.

Fram mot avreise har han tenkt å ta det uhyre roleg. Han kjende nemleg namn til ilt i halsen i etterkant av helga som var.

– Her er det berre å ta det med ro, seier Vagstad.

I helgas noregscup i sprint og NM klassisk på Heggmyrane på Hafslo gjekk det sånn passeleg.

– Vi hadde to treningsdagar først, og det gjekk veldig bra. Eg trefte godt i første omgang i rennet, men drog på meg noko tillegg. Difor vart det ikkje det store, seier Vagstad.