I helga prøver cupheltane seg på nok eit gulltokt

SOGNDAL (NRK): – Når vi no er noregsmeistrar, så hadde det vore utruleg kult å kunne kalle oss skandinaviske meistrar også, seier Kristian Bergheim Rutlin (19).

Sogndal sitt juniorlag i fotball 2018

HEIDRA: Under ei tilstelling fekk denne gjengen både talar, plakett og middag etter 3–1 sigeren over Rosenborg i cupfinalen for juniorar.

Foto: Hilde Østbø / Sogndal Fotball

Sogndal Fotball sine ferske cupmeistrar for juniorar kviler ikkje på laurbæra. Til helga ventar nye 120 mil i buss på jakt etter nok ein triumf.

Denne gang til finalehelga i Skandinavisk meisterskap i Göteborg.

– Med denne gjengen, og det vi viste på laurdag, så er det fullt mogleg sjølv om vi ikkje er favorittar. Favorittar var vi heller ikkje på laurdag. Likevel vann vi, seier keeper, og kaptein, Kristian Bergheim Rutlin (19).

Leiar puljen si

Kristian Rutlin og Ulrik Fredriksen

SAMHALD: Både Kristian Rutlin (t.v.) og Ulrik Fredriksen seier at spelarane har eit godt samhald både på og utanfor bana. – Det er eit lag med stor «L», seier Rutlin.

Foto: Kaia Viki / NRK

For i helga fekk ikkje Rosenborg-juniorane sin sjuande NM-tittel, slik alle venta. Og allereie kommande helg kan det bli nytt møte mellom cupfinalistane.

For etter siger over Mjøndalen og uavgjort mot fjorårets skandinaviske meistrar, danske FC Midtjylland, leiar Sogndal pulja si. Rosenborg tronar øvst i den andre.

Sogndal møter svenske Häcken til siste puljekamp på fredag.

– Med siger der, så er det store sjansar for finale. Då kan alt skje. Det såg vi på laurdag, gliser Rutlin.

Tor Arne Ness, styreleiar Sogndal Fotball

STOLT: – Dette beviser at det blir jobba godt nedover i årsklassane og at vi har mykje spennande på gang. Men nålauget frå junior- til toppfotballen er trongt. For alle dedikerte og som står på, så er det ein moglegheit, seier styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Vi er motiverte for å bevise at vi er Noregsmeistrar verdige og ynskjer å gjere det godt også der, legg styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness, til.

Stolt kaptein

Under ei tilstelling på Quality Sogndal Hotel vart det tysdag heider og ære for juniorspelarane som i helga sytte for Sogn og Fjordane sitt første cupmeisterskap i fotball.

CUPFINALE G19: ROSENBORG - SOGNDAL

SIGER: Sogndal kom under 0-1 mot Rosenborg laurdag, men tre mål av Akor Jerome Adams gjorde at Sogndal kunne juble over cupgullet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Keeper Rutlin kjenner seg stolt som får vere kaptein for gullaget.

– Eg veit ikkje om det heilt har gått opp for meg at vi har vunne NM-gullet, men du merker det litt i bygda at det har skjedd noko stort. Det er veldig kjekt å få den merksemda, at folk har følgt med på oss og ser kor stor prestasjon det er, seier 19-åringen.

Inspirasjon og motivasjon

Også midtstopparkjempa Ulrik Tillung Fredriksen merkar at folk har fått med seg bragda.

– Folk du ikkje kjenner, eller knapt nok har snakka med, kjem for å gratulere på gata. Alle er veldig nøgde, seier han.

– Vi kom som store underdogs, men klarte å motbevise og ta cupen heim til Sogndal. Det var godt med ein opptur etter skuffelsen torsdag, legg han til og siktar til seniorkampen, der han sjølv var med på å tape for Aalesund i opprykkskvalifiseringa.

Ness håpar og trur at innsatsen til juniorlaget inspirerer og motiverer alle i og rundt ein klubb som gjennom sesongen har fått kritikk for å ikkje satse på lokale spelarar.

– Det viser at det gror godt, og at vi har mykje å byggje framtida på, seier Ness.