Hopp til innhold

Sommaren kjem tilbake: – I helga er det venta opp mot 20 gradar i Sør-Noreg

Det er duka for ein smakebit av «indian summer» denne helga.

– Det vil verte ei heilt annleis helg enn den førre som var, seier meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Til helga er det meldt strålande sol og herlege temperaturar i store delar av Sør-Noreg.

Laster Twitter-innhold

Tåke kan øydelegge

Andersen fortel at temperaturane vil stige gradvis utover helga.

– Helga vil verte prega av ein god del sol og opphald. Det kan sjå ut til at søndagen blir den varmaste dagen.

Ho fortel at det fort kan minne om sommartemperaturar men det er også fare for at sommaridyllen kan verte øydelagt.

– Det vil nok vere lokale forskjellar, og det kan vere noko lokal tåke på morgonen som kan spele inn på korleis temperaturane vil bli. Men me håpar å komme opp mot 20 gradar.

Kontrastar til nord

Sjølv om det er venta høge temperaturar i sør, så er det ingen rekordar som står for fall denne helga.

– Eg prøvde å sjå på kor varmt det har vore tidlegare, men det har vore over 25 gradar i september tidlegare, seier ho.

Dei herlege temperaturane står sterk i kontrast med Nord-Noreg der det fleire stadar er meldt farevarsel for snø. Siril Veiåker i Vegtrafikksentralen anbefaler bilistar å sjekke vêr og køyreforhold før dei drar ut på tur.

– Bruk vêrmelding og 175.no, så har du ein betre oversikt over kva du har i vente, seier ho.

Laster Twitter-innhold