NRK Meny
Normal

I heile oppveksten spelte ho fotball med gutar - det får ho att for no

At Elise Isolde Stenevik (16) frå Florø måtte spele på gutelag då ho var yngre, har gitt ho eit godt grunnlag for vegen vidare. Det meiner trenaren for U17-landslaget, Lena Tyriberget.

Elise Isolde Stenevik

GLER SEG: Elise Isolde Stenevik likar seg godt på landslaget.

Foto: privat

– Ja, eg spelte i grunnen med gutar heile tida. Eg byrja å spele fotball då eg var sju-åtte år, og då var det ingen jentelag, seier Stenevik.

Ettersom jenta vart eldre, var det fortsatt ikkje noko jentelag å spele på. Så då vart det guttelag.

– Eg trur eg fekk ganske god ballkontroll av det, sidan gutane er gode på det. Og så vart eg kanskje litt tøffare av å spele med dei, seier Stenevik.

Ho definerer seg sjølv som allsidig og trivst nesten kor som helst på bana.

Trivst best på kanten

– Eg har i grunne spelt litt overalt. Både back, ving og midtbane. Men eg trivst nok best på kanten, og det er der eg spelar på landslaget, seier Stenevik.

Tysdag vart ho teken ut i troppen til J17-landslaget som skal spele EM-kvalik på heimebane. Frå Sogn og Fjordane er også Linn Mari Nilsen (Kaupanger) og Marte Bjelde Hjelmhaug (Kaupanger) tekne ut.

– Det er alltid kjekt å bli teken ut på landslaget, seier Stenevik, som også var på U16-landslaget.

Lettare å kombinere fotball og skule

Ho reiste i går til Barcelona på treningsopphald med Arna-Bjørnar, der ho spelar til vanleg. 16-åringen har flytta til Bergen for å satse på fotballen, og går til dagleg på vidaregåande skule på Tertnes.

– Det er betre moglegheiter til å kombinere fotball og skule her. Eg har tenkt å satse på fotballen, men samtidig satsar eg på skulen også. Eg har lyst til å bli lege, seier Stenevik.

Trur ho har tent på guttelagsspelinga

U17-trenar, Lena Tyriberget, trur oppveksten og fotballstarten blant gutar har påverka måten Stenevik spelar på.

– Heilt klart. Ho har heile tida synt at ho har eit høgt ferdigheitsnivå. Ho er god med ball og har god nærteknikk, samt god fysikk. At ho har hatt fordel av å spele og trene med gutar opp gjennom, er heilt klart, seier Tyriberget.

Ho trur det har vore god ballast når Stenevik no har teke steg for steg siste åra.

På førre samling med landslaget, i Italia førre veke, fekk Stenevik godt betalt for slitet og noterte seg med tre mål og ein målgjevande pasning.

– Det er artig å sjå utviklinga Elise har hatt medan ho har vore på landslaget, seier Tyriberget.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser