Hopp til innhold

I Sørstrand barnehage sym ungane som fiskar

FLORØ (NRK): I Symjehallen i Florø plaskar ein gjeng med femåringar rundt. Dei går i ein marin barnehage, og dei har lært seg å vere ekstra glade i det våte element.

barn som lærer å symje

GØY: Ingen med vasskrekk i denne gjengen!

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Erik Ask er fem år. Han har hoppa frå tremeteren i dag.

– Eg likar å leike, og gå ut i havet, fortel han til NRK sin reporter før han hoppar i bassenget att, noko som er mykje kjekkare enn å snakke med journalistar.

Ifølge Erik har dei heldt på med symjetrening i fem år. Pedagogisk leiar i Sørstrand barnehage, Leni Notø, nedjusterer litt: dei starta i haust, og alle barna har hatt tolv symjetimar kvar.

Ungar i badebåt

LEIK: Ungane i Sørstrand Barnehage lærer symjing gjennom leik

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Vil lære barna å bli trygge i vatn

At dei er ein marin barnehage betyr at dei brukar mykje båt om sommaren. Då var symjetrening eit godt supplement, meiner Leni Notø og Sølvi Æsøy to som har fått i gong initiativet.

Les også: Handikappa må skifte i rom utan dør

– For oss er det kjempeviktig at barna lærer å symje tidleg. Er dei trygge i vatnet, blir dei ikkje så redde dersom dei skulle ramle uti, seier Leni Notø.

Badeleik på Havhesten

TRYGGE: Å gå i ein symjebarnehage handlar også om å bli trygg i vatnet

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Dei trur ikkje det er for tidleg å lære barna å symje når dei er fem år.

– Dei skal jo lære å symje når dei byrjar på skulen. Men dei må uansett igjennom dette å første gong på eit tidspunkt. Om dei er trygge i vatnet når dei skal lære seg å symje, er det ein fordel, meiner Æsøy.

Frå vasskrekk til tremeter

Barnehageleiarane fortel at dei har sett ei rivande utvikling frå fyrste symjetime til no. No lyd det plask, skrål og latter frå bassenget.

– Dei var ikkje slik som dette då vi kom hit fyrste gong. Då var dei veldig forsiktige. Det var kanskje eit par-tre som hadde litt vasskrekk. Det går ikkje an å sjå igjen i dag, seier Leni Notø.