Hopp til innhold

I Guddal kyrkje var Maria (14) einaste konfirmanten

Maria Yndestad var mutters åleine då ho gjekk opp kyrkjegolvet i Guddal kyrkje for å bli konfirmert. Men det gjorde i grunnen ingenting.

Maria Yndestad

ARTIG: - Det har vore ein kjempekjekk dag, seier Maria Yndestad.

Foto: privat

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men det er jo litt spesielt. Eg tenkte litt ekstra på at det var viktig å ikkje gjere noko feil. For då ville alle sjå det, ler Maria.

At ho skulle konfirmerast åleine har ho visst om lenge, og dét har vore heilt greitt.

– Men då eg var i konfirmasjon til fleire i klassen førre helg, angra eg litt. Det hadde vore litt kjekt å vorte konfirmert med dei. Men i dag tykkjer eg det er heilt fint, seier Maria.

Ho legg til at konfirmasjonsundervisninga har ho hatt i lag med resten av konfirmantane i Fjaler.

Har lyst til å bli lege

Etter vel overstått konfirmasjon er hovudpersonen sjølv godt nøgd med dagen.

– Det var kjempekjekt. Litt slitsamt å smile så mykje, men veldig moro også, seier Maria, som har tenkt å spare pengane ho fekk til konfirmasjonen. For planen er klar.

– Eg har lyst til å bli lege, helst kirurg, seier Maria, som til dagleg går ved Fjaler ungdomsskule i Dale.

For mor Nina Yndestad var det også ein spesiell augneblink å sjå dottera bli konfirmert i Guddal kyrkje, der ho sjølv også vart konfirmert.

– Det er spesielt, og det er rart å tenkje på at det snart er 15 år sidan ho vart døypt, seier Yndestad.

Kjem nærare både konfirmant og familie

For prest Lilja Kristin Thorsteinsdottir var det også ein konfirmasjon litt utanom det vanlege.

– Eg har opplevd å ha berre éin konfirmant før, men det skjer ikkje så ofte, seier Thorsteinsdottir, og legg til at ho tykkjer det gir ei ekstra fin ramme til høgtida.

– Du knyter deg meir til konfirmanten når det berre er ein. Og stunda vert meir personleg. Ein får høve til å snakke meir direkte til konfirmanten og kommunikasjonen vert meir nær, også med familien. Det vert på ein måte litt ekstra høgtidsamt, seier Thorsteinsdottir.