Hopp til innhold

I går var politikarane på synfaring - i dag dundra ei steinblokk rett i vegen

I går hadde arbeidsgruppa for rassikring på fylkesveg 609 med seg KrF for å orientere om rasfaren i området. I dag dundra ei steinblokk i vegbana ved Heilevang.

På synfaring ved Heilevang

FEKK ORIENTERING: F.v. Trude Brosvik, Steinar Bråstad og Tore Storehaug på synfaring i Heilevang laurdag.

Foto: privat

– Det blir veldig nært og aktuelt. Dei som køyrer her kvar dag, har det nok ikkje godt, seier Trude Brosvik, som er førstekandidat for KrF i Sogn og Fjordane.

Aksjonsgruppa for rassikring på fylkesveg 609 har i løpet av året hatt med seg representantar frå forskjellige parti for å fortelje om utfordringane dei har med den rasutsette vegstrekningen.

Vil ha nyare tal for ras på strekninga

Frå og med 2001 til 2013 vart det registrert 46 ras ved Heilevang, og ein tunnel på 1,5 kilometer er einaste utvegen for å få rassikker veg.

– Vår vitjing i Heilevang var i samband med ein kystturne, og det var stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide, 2.-kandidat i Askvoll KrF Tore Storehaug og eg som var der for å lytte, seier Brosvik.

Dei fekk grundig orientering om området frå arbeidsgruppa. Men at det skulle rase dagen etter at dei var der, tykkjer Brosvik er skremmande.

– Vi har prøvd å få på plass nyare tal. Det har berre auka med rasaktivitet på denne strekninga. Eg trur det vil endre på prioriteringslista. Men vi må finne desse pengane, seier Brosvik.

Stor stein på fylkesveg 609 Heilevang

KOM DEISANDE NED: Denne steinen dundra i vegbana på fylkesveg 609 i ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

Har venta på nye ras

Per i dag ligg vegstrekninga på 6.-plass på prioriteringslista til fylkespolitikarane.

Brosvik ser med uro på at vi no er på veg inn i ei tid der ein ofte får mykje nedbør, og dertil aukande rasaktivitet.

Den uroa deler leiar i arbeidsgruppa for rassikring av fylkesveg 609, Anne Marie Sve Mandelid.

– Vi har berre gått og venta på at det skulle komme ned noko, for no har det vore lenge sidan sist. Men det er rart å tenkje på at vi var der i går, og så rasa det i dag, seier Mandelid.

Ho passerte rasstaden ti minutt før den store steinen kom.

– Når eg snakkar med folk i bygda, så seier dei at dei kvir seg for å køyre strekninga. Men skal vi til Førde, så må vi bruke vegen. Vi har ikkje val, seier Mandelid.

Fryktar liv skal gå tapt

Ho presiserer at arbeidsgruppa vil halde fram arbeidet for å få tunnel på strekninga.

– Vi kan ikkje gje opp. Vi erfarer at når politikarar er her og ser med eigne auga korleis det er, så forstår dei situasjonen vår betre, seier Mandelid.

Ho er klar på at det trengst meir midlar til rassikring.

– Det er det handlar om. Og så må vi oppover på rassikringslista, seier Mandelid.

Mange har opplevd både ras og å bli råka av ras på strekninga.

– Mi største frykt er at det skal gå liv tapt, og at det er det som skal til før politikarane vaknar. Det er russisk rulett, seier Mandelid.