NRK Meny
Normal

I går tok skredet sauene – i fjor var det jerven som herja

I fjor mista bonde Ove Baggetun 80 sauer til jerven. I går tok eit jordskred fleire sauer, berre to dagar etter at han hadde sleppt dei ut på beite.

Berga sau ut av uthus

BERGA UT: Denne sauen slapp frå det med skrekken. Andre sauer var ikkje like heldige då skredet kom nedover fjellsida i Jostedalen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Skredet gjekk rett over ein vårstøl med dyrka mark. Der var det utplassert ein saltstein, noko som gjer at det var ekstra mykje sauer akkurat der massane kom ned. Men kor mange dyr han har mista har ikkje sauebonden fått oversikt over enno.

– Det er så vanskeleg å vite. Eg har sleppt dei på utmarka, så då må eg nesten sanke inn igjen alt for å sjå. Men eg har ein ni-ti lam som står og skrik etter mødrene sine. Så det er i alle fall ein del som er vekke, seier han.

I går fann han eit daudt lam, som måtte gravast ut av raset.

– Elles har eg ikkje funne nokon daude sauer enno, men no skal gravemaskina kome over på hi sida så vi får grave vekk nokre massar, slik at vi får heim igjen dei sauene som står fast bort i der.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen - Reporter: Halvor Farsund Storvik

VIDEO: Søndag føremiddag blei dyr og bygg teke av eit stort jord- og skredras i Krundalen i Luster.

– Maks uflaks

Baggetun byrjar å lure på om det er høgare makter som ikkje ønskjer at det skal drivast med sau i Krundalen. I fjor var det jerven som herja, i går tok raset nye sauer, to dagar etter at han hadde sleppt dei på beite.

– Det er maks uflaks at det kom akkurat no. Hadde det gått fjorten dagar før eller fjorten dagar seinare, då hadde det ikkje vore så mykje sau borti der. Då hadde sauene reist til fjells og vore meir spreidd, seier han.

– Det sjølvsagt trist når sauene reiser på den måten. Det trass alt liv det er snakk om, så det er fælt å tenkje på.

Gå til forsiden

Sjå bileta frå høg vassføring i elvane

Lærdalselva

Sjå bileta frå høg vassføring i elvane

20 bilder

    Startar ryddinga

    No må han rekne med mykje ekstraarbeid, både for å rydde opp etter raset og å sjå til lamma som har mista mødrene sine.

    – Vi må nesten ha dei heime, så vi får tillegsfora dei. Det er ikkje så greitt å sleppe dei.

    Ras i Jostedalen

    KAN KOMME FLEIRE RAS: NVE aukar beredskapen i forhold til at det kan komme fleire jordras, som her i Luster.

    Foto: Tom Kreken

    I dag har gravemaskin rydda i opp i elva ved brua der det hadde lagt seg mykje jord og stein. Bonden var lenge redd for at brua skulle ryke.

    – Og så vil han prøve å komme seg over på hi sida av elva og grave vekk noko av raset, slik at vi får heim sauene som står fast borti der.

    Så startar arbeidet med å få vekk massar og planere ut beiteområdet som no ligg dekka av jord og stein.

    – Det må ordnast opp igjen, viss ikkje er det nesten ikkje råd å ha sauer bort i der.

    Ras i Krundalen

    SKREDET: Jordmassane kom nedover fjellsida søndag føremiddag.

    Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser