Hopp til innhold

I går kom han på 95. plass - i dag starta han med å leggje norgeseliten bak seg...

Etter gårsdagens skuffande 95. plass, måtte Gjøran Tefre tømme hovudet for negative tankar. På dagens 15 kilometer fri teknikk i langrenn på Beitostølen hadde han heile noregseliten i langrenn bak seg då han passerte to kilometer.

Gjøran Tefre etter 15 km fri teknikk på Beitostølen

SOLID INNSATS: Gjøran Tefre enda på 24. plass på dagens 15 kilometer friteknikk på Beitostølen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg veit ikkje heilt kva som skjedde. Eg hadde ikkje rekna med det, for å seie det slik, seier Førde-guten, som til slutt enda på 24. plass, 1,02 bak vinnaren Martin Johnsrud Sundby.

Ingen klarte å hamle opp med tida til Tefre på passeringa på 2 kilometer.

– Eg starta offensivt og gjekk ut på tungt gir medan eg fokuserte på å gå godt teknisk. Men det var ikkje noko pangstart, eller at eg gjekk spesielt hardt i starten. Men alt stemde, seier 20-åringen, som er godt nøgd med dagens resultat.

  • LES OGSÅ:

Vart litt tungt på slutten

– Det syner at eg har farten inne. Det vart litt tungt på slutten, og dei to siste kilometrane gjekk ganske dårleg. Men det er tidleg i sesongen, og då veit ein ikkje heilt kor grensa går. Med fleire renn i kroppen, trur eg at eg held heilt inn neste gong, seier Tefre.

Under fredagens sesongstart på 15 km langrenn klassisk stemde ingen verdas ting. Tefre enda på 95. plass, vel tre minutt bak vinnaren Martin Johnsrud Sundby.

– Det var mange grunnar til at det ikkje gjekk så bra. Først og fremst hadde eg ein dårleg dag, i tillegg til dårlege ski. I dag var ting meir normalt og skia var gode, seier Tefre.

Han kvitta seg med dei tunge tankane etter klassiskløpet fredag kveld.

– Eg måtte gå nokre rundar med meg sjølv. Eg var irritert over at eg ikkje klarte å gjennomføre det eg hadde planlagt på førehand. Men så bestemde eg meg for at eg var ferdig med det, og at det var nye sjansar i dag, seier Tefre.

Var god mentaltrening

Difor var det ekstra gledeleg å kjenne at ting fungerte.

– Det er kjekt å kjenne at eg har farten i kroppen, og så trivst eg hakket betre med skøyting. Eg er veldig godt nøgd, og det er klart dette er motiverande. Eg var 1,02 bak Johnsrud Sundby, og det er ikkje mykje når ein bryt det ned på 15 kilometer, seier Tefre.

Ungguten er svært nøgd med oppkøyringa til sesongen.

– Eg har trent kjempebra. Og det var god mentaltrening å vite at eg har kontroll over eigne prestasjonar, etter løpet i går, seier Tefre.

Neste helg er det norgescupopning på Gålå, og etter planen kjem Tefre til å gå alle tre distansane.

– Eg gler meg, så det blir kjekt. Så håpar eg kroppen svarar. Men så tidleg i sesongen må ein vente at det svingar fort, så eg har beina på jorda. Det går litt i bølgjer, men eg har tida framfor meg, seier Tefre.