Hopp til innhold

I går hadde ordføraren det vondt – svært vondt

– Dette var vondt. Rett og slett vondt, seier ihuga Brann-patriot Arve Helle om fotballbomba som onsdag kveld vart detonert i Nedre Eiker.

Arve Helle

HARSELAS: Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap) er budd på ein dag med mykje harselering etter at Brann rykte ned onsdag. – No må ein berre bite tennene saman og ta til på arbeidsdagen, med regionrådsmøte i dag. Nedrykket blir vel tema der også, men eg får vel tole litt harselering, seier den skuffa Brann-patrioten.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med 3–0 til Mjøndalen over Brann, er det klart at bergensklubben må følgje Sogndal og Sandnes Ulf ned i 1. divisjon.

– Det var heilt grufullt å sjå kampen. Det var eit kvarter der ein trudde det faktisk kunne gå, så vart det klarare og klarare at det ikkje ville det. Siste halvtimen, etter 3-0, var det rein liding, seier Arve Helle.

Raudt hjarte

Arbeidarpartiordføraren i Fjaler har følgt raudtrøyene så godt som heile livet. Seks år gamal var han på «staddaen» for første gong og dei siste 20 åra har han vore sjølvskrive medlem i supporterklubben.

– Det er så ein ikkje har tatt innover seg kven mitt kjære Brann skal spele mot neste år. Men ein må berre svelgje det og komme sterkare tilbake, seier Helle.

Frå helt til syndebukk

Trenar Rikard Norling var av mange peika ut som suksesstrenaren som skulle få Brann-skuta på rett kjøl og inn att i medaljekampen. Også i Sverige har dei fått med seg det oppsiktsvekkande nedrykket.

Aviser i bergen 27. november

SVART: Bergensavisene 27. november – dagen etter Brann sitt første nedrykk sidan 1985.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

«Fotballs-Norge i chock», skriv svenske Aftonbladet. Expressen følgjer opp med «Norlings jättefiasko». Unødig å seie, i Bergen har avisene gått i svart.

– Det er ein kjempefiasko og eit jordskjelv at ein klubb av Brann sin storleik presterer å rykkje ned i 1. divisjon. Men eg vil vere veldig klar på at Norling skal ta sin del av skulda. Men han er i godt selskap, seier Helle.

Heilsvart framside

Trass i ei heilsvart framside, har Bergens Tidende likevel klart å leite fram 13 lyspunkt ved nedrykket. Mellom anna at Brann leiar serien i alle fall til første seriekamp – og at dei spelte cupfinale i to år på rad sist dei spelte på nest øvste nivå.

– Her må ein berre finne trøyst i alt ein kan, og håpe at det gjentek seg, seier Helle som heller ikkje finn glede i at Brann-supporterane no kan følgje IKEA-bussen til bortekamp i 2015.

– Sjølv om ein har all respekt for dei, så smerter det å høyre at ein skal spele mot Åsane. Det er liksom ikkje dei Brann skal møte. Når ein har sett dei mot tippeligalag, Liverpool, Sampdoria i Europacup så blir dette fælt, seier han.

Tredje gong

I fjor var det Mjøndalen som sette punktum for Brann sitt cupeventyr. Helle stod sjølv på stadion og gret sine vemodige tårer då Brann sist rykte ned, i 1985. Motstandar? Bruntrøyene frå Nedre Eiker.

No er det også Mjøndalen som syter for at Brann sine motstandarar ikkje heiter Molde, Rosenborg og Odd Grenland neste år, men Nest-Sotra, Strømmen, Ranheim, Bærum, Kristiansund, Jerv, Levanger, Åsane, Follo – og Sogndal.

– At dei skal møte Sogndal er vel av dei magre trøystane, avsluttar Helle.