I full gong med testing av nytt naudnett

Politiet er i gong med å teste det nye digitale naudnettet. Så langt ser det svært lovande ut.

Nødradio

TESTAR: Det nye digitale naudnettet som skal erstatte det analoge. Kommunikasjonen mellom etatane skal med dette bli enklare.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– I går snakka vi med heile politidistriktet via det nye sambandet, og det vi testa såg veldig lovande ut, fortel Stig Inge Hauge, prosjektleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Fredag klokka 12 tok dei i bruk det naudetatane lenge har venta på. Fram mot sommaren skal politiet teste det nye naudnettet.

– Vi har testa om sambandet fungerer på både på operasjonssentralen og for dei som er ute. For Sogn og Fjordane sin det så er dette mykje betre enn det gamle analoge sambandet som utdatert og gamalt, seier Hauge.

Stig Inge Hauge

FUNGERER: Stig Inge Hauge har god tru på det nye naudnettet. No er dei i gong med testinga.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Resten av etatane kjem på

Også brann og helse kjem til å gradvis ta i bruk naudnettet etter kvart som dei er ferdig med opplæring og installasjon.

Det er fire år sidan Stortinget vedtok landsdekkande utbygging av naudnettet var vedteke. Prislappen er på 6 milliardar kroner og skal vere ferdig i tredje kvartal i år. Politi og brann tek i bruk det nye nettet i løpet av året, medan helse treng litt lenger innføringstid og vil vere i full drift frå sommaren 2016, opplyser Direktoratet for nødkommunikasjon, (DNK)-

– Etter kvart skal vi også lære opp våre frivillige samarbeidspartnarar som også kjem på same sambandet, seier han.

Står att litt utbygging

Hauge seier det har vore store forhåpningar til det nye naudnettet, og tilbakemeldingane over heile landet er svært positive. Politiet i Sogn og Fjordane trur dei kjem til å ta det formelt i bruk før sommarferien.

– Det som er krevjande er at det står att noko utbygging på grunn av særdeles vanskeleg snøforhold i vinter. Men alt er ein plan på, så det som skal byggast ut, vert bygd ut. Det gjeld også tunnelar. Her er det ikkje alle blitt kopla på enda, seier han.

– Uansett kva som skjer. Naudnettet er kome for å bli, seier Hauge i Sogn og Fjordane.

Kan ikkje avlytte sambandet

Det nye naudnettet fungerer slik at ingen utanforståande kan avlytte sambandet, og naudetatane kan til dømes utveksle personopplysningar i akuttsituasjonar.

Fleire stader der politiet har teke i bruk det nye naudnettet har pressa vore frustrerte over å ikkje få ut informasjon til publikum. Hauge er ikkje uroa over det.

– Vi kjem til å bruke både Twitter og andre måtar til å kontakte media på i dei tilfella ein treng det. Så det vert ikkje store endringane, seier Hauge.

I Hordaland har politiet fått testa naudnettet ei veke. Hans Egil Berge, prosjektleiar der seier det verkar som om naudnettet har den dekningsgraden som Stortinget har bestemt. Han meiner også at politiet i hans distrikt må bli enda betre til å kome med informasjon til media på eit tidleg tidspunkt.

– Men no kan vi også bruke hundre prosent av ressursane våre på oppdraget og ikkje parallelt svare pressa. Men vi har ved fleire høve hatt gode erfaringar med å bruke pressa til å nå publikum raskt, seier han.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.