Hopp til innhold

Kjøpte 200 gram hasj og vart fråstolen halvparten

Nordfjordingen sitt forsøk på gjere gode pengar på narkotikasal gjekk langt frå som venta.

Fjordane tingrett

DØMD FOR NARKOTIKASAL: I politiavhøyr la nordfjordingen korta på bordet og vedgjekk narkotikasal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen i 20-åra kjøpte 200 gram hasj for 17.000 kroner. Investeringa tente han inn att gjennom salet av 85 gram, men så gjekk det gale ifølgje rettsboka frå Fjordane tingrett.

Nordfjordingen forklara at han vart fråstolen 100 gram. Og dei siste gramma kasta han på elva i frykt for at politiet ville avsløre han.

Men avslørt vart altså mannen, som i politiavhøyr la alle korta på bordet. Då gav han også politiet informasjon om andre personar som resulterte i etterforsking og domfelling.

Men forsøket på å gjere pengar på narkotikasal, var ikkje det einaste forholdet nordfjordingen måtte stå til rette for i tingretten. Berre to veker seinare vart mannen ferska bak rattet i narkotikarus tilsvarande godt over 1,2 i promille. Mannen vart også dømd for jamleg bruk av narkotika i perioden før juli i fjor.

I fjor haust stal mannen bankkortet til ei kvinne. I løpet av den neste vel veka forsvann det nær 7.500 kroner frå kortet. I april i år brukte han også ein mobiltelefon som var stolen.

Mannen erkjende straffskuld for alle forholda då han for andre gang på kort tid møtte i Fjordane tingrett. Nordfjordingen vart i mai i år dømd til fengsel i sju månader for vald.

Straffa på fengsel i 60 dagar kjem i tillegg til denne straffa. Han må også betale 5.000 kroner i bot for køyreturen i narkorus, samt frådømt førarretten i to år. Nordfjordingen må gjennom fullstendig førarprøve før han igjen får køyre bil.