NRK Meny
Normal

I fjor tok dei 51 førarkort og skreiv 1.905 fartsbøter

Statistikken for 2014 både gler og skremmer politioverbetjent Elling Krogen i Up.

Elling Krogen i UP

NØGD, MEN: Elling Krogen er teamleiar for dei to utrykkingspatruljane i Sogn og Fjordane. Han gler seg over at det går lenger mellom kvar grove fartsoverskriding, men er skremd over at tyngre køyretøy er overrepresentert blant fartssyndarane i nedsette fartsgrenser.

Foto: Bjarte Aasen/UP

– Tala ordinære fartsoverskridingar ligg stabilt, men den høge farten vi såg i 2012 og 2013 er nær halvert. Sjølv med same kontrollaktivitet og kontrollvolum, seier Elling Krogen i Up-patruljen i Nordfjord.

Utrykkingspatruljen er inne i sitt fjerde leveår. I fjor fekk også Sunnfjord ei patrulje.

Totalt reagerte patruljane mot 2.334 av 14.852 kontrollerte bilførarar. 40 mista førarkortet på grunn av fart. Av same grunn fekk 1.905 forenkla førelegg.

Halvering i beslag

Utrykkingspatruljen i Nordfjord stod for halvparten av førarkortbeslaga. I 2012 tok den same patruljen beslag i 50 førarkort.

Det gler politioverbetjenten at det blir lengre mellom grove fartsoverskridingar.

Utrykkingspolitiet 2014

Nordfjord

Sunnfjord

Totalt

Kontrollerte

8.537

6.315

14.852

Anmeldelsar

37

48

85

Forenkla førelegg

1.145

760

1.905

Gebyr

174

119

293

Beslag fart

25

15

40

Beslag rus

0

5

5

Beslag åtferd

2

4

6

– Vi ser tilsvarande nedgang i tal ulukker, personskadar og dødsfall i trafikken. I 2014 hadde vi nedgang i trafikkulukker med personskadar. Vi hadde ingen drepne i området vårt, seier Krogen.

– Det gir oss motivasjon til å halde fram arbeidet, legg han til.

Meir synleg

Politioverbetjenten trur synlegheita er hovudårsak til utviklinga. Han vil heller ikkje overvurdere effekten av Facebook-varslingar. Desse sidene eksisterte også i for to år sidan.

Samstundes legg han til at ungdom ikkje er overrepresentert blant fartssyndarane. Og dei fleste er på gjennomreise.

– Mi kjensle er at den store gruppa er godt vaksne menn i 40–50 åra. Farten hos lokalbefolkninga går ned jo oftare og lengre vi står på ein stad, seier han.

Skremmande utvikling

Ei utvikling skremmer derimot Krogen. Større køyretøy er overrepresenterte blant fartssyndarar i nedsette soner.

Utrykkingspolitiet held trafikkontroll i Førde.

AKTIVITET: I sitt første år tok UP-patruljen i Sunnfjord beslag i 24 førarkort.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vogntog generelt køyrer ikkje for fort, men det er heller ikkje snakk om eitt og anna ein gong i veka. Det skjer stort sett i alle kontrollar. Vi har opplevd at halvparten av 20 fartsoverskridingar på fire timar i ei 50-sone er store køyretøy, seier han.

Når du tenkjer storleik og stoppelengd på desse, som gjerne køyrer borti beslag i ei 50-sone på skuleveg utan gang- og sykkelsti, så er det skremmande, legg han til og minner spesielt yngre sjåførar på skadepotensialet.

– Det er sjeldan vi tek sjåførar godt opp i åra som har vore i ein lastebil nesten heile livet sitt.

– Kvifor trur du det er slik?

– Eg trur det er erfaring, kunnskap om trafikkbilete, føreforhold og observasjonar dei gjer seg, kombinert med alle åra dei har utført jobben, gjer at dei er rolegare enn andre.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast