Hopp til innhold

I fjor klaga folk på festivalmaten - det vil dei gjere noko med

BYGSTAD (NRK): Dårlege tilbakemeldingar på maten under Folkemusikkfestivalen i fjor gjer at festivalen og serveringsstadane no tek grep.

Lene Hafstad

NYE SMAKAR: Lene Hafstad ved Olefine i Hafstadgården diskar opp med kjapp og sunn mat med lokale råvarer.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– I brukarundersøkinga vår var det mange som peika på at det var eit potensial når det gjaldt god og rask festivalmat, når ein skulle springe mellom arrangementa. Det fekk vi lyst til å gjere noko med, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum.

Dei starta difor eit eige prosjekt saman med kokk Hanne Frostad og fleire av serveringsstadane i Førde.

Rømmegraut med jordbær og rabarbra

SMAK: Rømmegraut med jordbær og rabarbra er eitt av forslaga til kjapp og sunn mat.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Målet var å lage raske, gode festivalmenyar med gode, lokale råvarer og eit snev av verda, seier Bjørkum.

Ho peikar på at festivalen har gjestar både frå heile Norge, men også heile verda.

– Dei er ute etter å få med seg kva som er spesielt for denne staden her, seier Bjørkum.

Vil ha ei totaloppleving

– Publikum ønskjer ei totaloppleving når dei først har komme til Førdefestivalen, og det er det vi jobbar med å få til, seier Frostad.

Dei har teke utgangspunkt i lokale råvarer, noko Frostad meiner er heilt naturleg.

– Vi må syne kva vi har i nærmiljøet, og syne ein signatur som fortel folk kor dei er. Det er viktig, seier Frostad.

Hanne Frostad og Øystein Furnes

UTFORDRANDE: F.v. kokk Hanne Frostad og angus-bonde Øystein Furnes.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Fleire av serveringsstadane var i dag samla på Furnes gard for å syne fram nokon av sine forslag til rettar.

– Kva vil bruk av lokale råvarer ha å seie for prisen på det som vert tilbydt av mat?

– Det kjem til å koste akkurat det som det skal koste. Truleg vil det koste litt meir, men folk er villige til å betale for gode ting, så det trur eg går greitt, seier Frostad.

Festivaltema skal syne att på rettane

Tema for årets festival er på «flukt», og det vil også syne att på nokon av rettane.

– Det vil til dømes kunne vere rettar som er laga med lokale råvarer, men som har ein smak av til dømes Serbia. At dei lagar ein rett som har inspirasjon frå Serbia, slik at du kjenner dette, seier Frostad.

Ida Marie Stuhaug og Hilde Bjørkum

VIKTIG: Både kjøkkensjef ved Scandic Sunnfjord hotell Ida Marie Stuhaug og direktør for Førdefestivalen Hilde Bjørkum meiner det er viktig å bruke lokale råvarer.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Kjøkkensjef ved Scandic Sunnfjord hotell, Ida Marie Stuhaug, er klar på at det er viktig å satse på lokale råvarer.

– Det er for å ta vare på lokale tradisjonar og dei lokale produsentane, seier Stuhaug.