Hopp til innhold

I fjor herja jerven vilt - men til no i år har det vore stilt...

På denne tida i fjor herja jerven i saueflokkane i indre Sogn. Nokre veker ut i årets beitesesong er det førebels ikkje meldt om sauetap til jerv.

Hovland med død sau

HÅPAR PÅ GOD SOMMAR: Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, hadde til liks med mange sauebønder i indre Sogn ein tung sommar då jerven herja som verst i fjor. I år håpar han dei slepp.

Foto: PRIVAT

– Det ser veldig bra ut. Vi har gjetarar i fjellet omtrent kvar dag. Dei går i dei beita som var svært hardt råka av jerv i fjor. Til no ser det svært roleg ut, seier Hovland.

Det ligg framleis mykje snø i fjella, men det er likevel bra med beite for dyra.

– Sauene beitar roleg og ser ut til å trivast godt i fjellet. Heldigvis har vi ikkje hatt noko rovdyrangrep på dyra våre til no i sommar, og slik håpar vi at det held seg, seier Hovland.

For sauebøndene i indre Sogn har mareritt-sommaren frå i fjor friskt i minne då rekordmange sauer og lam mista livet på grunn av både jerv og ulv.

Eit spesielt fjorår

– Fjoråret var veldig spesielt fordi tapa starta med ein gong sauene kom til fjells. Det var ei veldig vanskeleg beitesommar, seier Hovland.

Det vart gjort fleire forsøk på å ta ut jerven, utan at ein lukkast på barmark.

– Men det ser ut til at denne sommaren skal bli betre, seier Hovland.

Ferske tal frå Rovdata syner at det er registrert 61 jervekull i Norge. Det er ni fleire enn i fjor, og 21 fleire enn det nasjonale bestandsmålet på 39 årlege kull. Det er ikkje registrert kull i Sogn og Fjordane.

– Det er eit dramatisk høgt tal. Eg håpar vi kan få bestanden av jerv ned på det nivået den skal vere, seier Hovland.

Har hatt eit par tilfelle av ørn

Arne Rebni Øverås i Skjolden er talsperson for sauebøndene i Luster, og heller ikkje her har ein registrert kadaver som skuldast angrep av jerv.

– Heldigvis har det vore roleg når det gjeld rovdyrskadar så langt i sommar. Eg kjenner ikkje til mistanke om skade av jerv til no, men vi har hatt eit par tilfelle av ørn, seier Øverås.

Arne Rebni Øverås

HÅPAR: - Dess lengre ut på sommaren vi kjem før det skjer noko, dess betre er det, seier talsmann for beitelaga i Luster, Arne Rebni Øverås.

Foto: Privat

Men han fryktar at jerven også i sommar kjem til å gjere innhogg i saueflokkane.

– Det er såpass mykje jerv att i området, at vi fryktar det vert noko, seier Øverås.

Ligg fire-fem veker etter

Sjølv om det ikkje er dokumentert, har fleire meldt frå om at dei har sett jervespor i fjella i seinare tid.

– At ein ikkje har sett spor, betyr ikkje at jerven ikkje er her, seier Øverås.

På grunn av den kjølige sommaren og mykje snø i fjellet, er beitesesongen mange stadar i fylket mange veker på etterskot.

– Det varierer frå plass til plass, men vi ligg fire-fem veker på etterskot. Slik det ser ut no, risikerer ein at dei beiteområda som ligg høgst, ikkje vert snøfrie i det heile i sommar, seier Øverås, som ikkje ser bort frå at det vil synast på slaktevekta til hausten.

– Ein må nok rekne med at det ikkje vert heilt normal lammevekt når sommaren er så spesiell som han er, seier Øverås.