I fjellveggen på E39

Ein bil har køyrt i fjellveggen på E39 ved Sande i Gaular. Politiet melder om store materielle skadar på bilen. Det var ein mann i 70-åra som køyrde bilen. Han skal ha fått sleng på bilen, og blei frakta vekk i ambulanse. Det er ikkje meldt om trafikale problem på staden. Ulukka har skjedd i 80-sona.