Hopp til innhold

I fengsel for å ha skubba kjærast i glasdør

Ein krangel på 17. mai i fjor enda med at ei kvinne hamna på sjukehus med alvorlege kuttskadar.

No har Fjordane tingrett dømt ekskjærasten hennar til fengsel i 45 dagar for det som skjedde på nasjonaldagen ein stad i Nordfjord.

Mannen i 50-åra hadde besøk av sin dåverande kjærast. Dei tok til å drikke på kvelden den 16. mai og heldt fram med det dagen etter. Ifylgje forklaringa til mannen hadde kranglinga starta då dei var ute i garasjen for å røyke.

Då skal ho ha skulda han for å ha eit forhold til ei anna kvinne, og ho skal ifylgje forklaringa hans ha slege han over beina med ein paraply. Det roa seg, og dei gjekk innatt i husværet.

Vart sint

Men ei stund etterpå starta kranglinga igjen. Mannen hevdar at kvinna klapsa han i ansiktet med flat hand. Då vart han sint og ville ha henne ut. Han skubba henne ut gangen og mot ytterdøra.

Kvinna fall då mot døra slik at nedste delen av glasruta i døra vart knust. Ho vart send med ambulanse til legevakta på Nordfjordeid og deretter med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Ho hadde eit djupt kutt tvers over halsen, og på sjukehuset vart dette operert straks. I tillegg hadde ho eit kutt i panna og nokre mindre sår i ansiktet.

Promille: 1,95

Det er på det reine at begge dei to involverte var påverka av alkohol. Mannen hadde ein alkoholkonsentrasjon på 1,95 promille nokre timar etter hendinga. Kvinna vart det ikkje teke blodprøve av før dagen etter, og då var det ikkje utslag.

Kvinna har hevda at mannen også brukte kniv på henne. Dette har ikkje retten festa lit til. Men Fjordane tingrett kom til at han er strafferettsleg ansvarleg for dei skadane ekskjærasten vart påført då ho fall mot døra.

Han vart og funnen skuldig i å ha brukt hasj same dagen som skaden skjedde.

Dermed vart han dømd tilfengsel i 45 dagar. Dei 17 dagane han har site i varetekt blir trekt frå.