Hopp til innhold

Rundt 500 personar samla seg i fakkeltog for ny ungdomsskule

MÅLØY (NRK): – Energiboost å sjå så mange samla, seier initiativtakar Bianca Hjelle.

Fakkeltog for skule
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det var heilt fantastisk, det viser kva enormt engasjement det er for skulen, og kor skuffa vi er over det politikarane har sett i gang, seier Hjelle.

500 menneske samla seg onsdag kveld i protest mot det dei meiner er seindrektige lokalpolitikarar, etter at kommunestyret nyleg utsette avgjerd om ny Vågsøy ungdomsskule.

Fryktar å vente lenge på ny skule

Trass i at anbodet ligg på bordet, og svarfristen snart er gått ut, har fleirtalet i kommunestyret bestemt seg for å utsette kontraksteikning for heilt ny ungdomsskule på same stad som dagens skule ligg. Årsaka er i fylgje ordførar Kristin Maurstad (Ap) at poltikarane treng tid på å vurdere økonomien i prosjektet.

Protesttoget kom i stand fordi mange fryktar at ei utsetting heller kan bli langvarig, og at politikarane har andre planar for ungdomsskulen enn å bygge nytt i sentrum.

– Vi finn oss ikkje i at dei brukar borna våre i dette her. Her er ingen nye moment som tilseier at dette skal dryge lenger no. Vi veit jo ikkje kva som skjer på nokon ting. Folk anar ikkje kva som skjer, og krev svar, seier Hjelle.

Ordføraren står på sitt

Ny brakkeskule er alt under oppsetting, tanken er at når elevane flyttar til jul skal bygginga av ny skule starte. Men tanken om rehabilitering av dagens skule er også til stades i kommunestyret, til liks med at ein på sikt finn tomt på fastlandet. Slike ting kan gjere at prosjektet dreg ut i tid.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) har lova avgjerd alt i desember, og trass fakkeltog er ho ikkje til å rokke.

– Som ordførar set eg stor pris på engasjement. Det at så mange samla seg er ikkje utan grunn, det er fint at folk engasjerer seg. Det viser at saka betyr mykje, seier Maurstad. Ho sa i sin appell til forsamlinga at folk måtte tru ho på at ho sette pris på demonstrasjonen.

Moglege lovbrot

Maurstad viser til at det seinast i dag kom ny informasjon. Kommunen kan ha brote regelverket for offentlege anbod, i verste fall kan det få økonomiske konsekvensar uansett kva kommunestyret går for.

Hjelle vil ha skuleavgjerd under kommunestyret i morgon, det må ho truleg sjå langt etter. Sjølv om Høgre lova å gjere framlegg om vedtak, er Maurstad skeptisk.

– Nye moment er kome fram i saka i dag, avansert juss om reglane til anbod, så saka er blitt endå meir komplisert enn før. Ein kan ikkje forvente at politikarane skal ta stilling til ting dei fekk vite i dag på eitt døger. Det vil ikkje endre noko om vi avgjer dette i morgon i staden for i desember.

Meiner ordføraren splittar

Bianca Hjelle meiner dei vel 500 som tende faklane i Måløy i kveld symboliserer folkeviljen, og meiner ordføraren splittar innbyggarane.

– Eg synest ho svarte dårleg for seg, Eg føler at folk i Vågsøy står samla i denne saka her, men at ordføraren splittar oss i det ho held på med no. Ein ordførar vil vi jo ha for folket.