Hopp til innhold

I fakkeltog for helsestasjon

I kveld går innbyggjarane i ytre Bremanger i fakkeltog med krav om å få behalde helsestasjonen på Hauge. Kommunen har vedteke å leggje ned stasjonen for å spare pengar. I november sende 10 lag og organisasjonar eit brev til kommunen med krav om å få behalde helsestasjonen.