Hopp til innhold

I fakkeltog for å behalde helsestasjonen sin

Fleire hundre små og store hadde møtt fram for å vise at dei kjempar for helsestasjonen sin på Hauge i Bremanger.

Fakkeltog i Bremanger

STILTE OPP: Bygdefolket møtte opp for å vise støtte til helsestasjonen.

Foto: Privat

– Det var god stemning og eit stort engasjement. Folk er opptekne av dette og tykkjer saka er viktig, fortel Jeanette Grotle som har teke initiativet til fakkeltoget.

Jeanette Kristiansen Grotle

ARRANGERTE FAKKELTOGET: Jeanette Kristiansen Grotle har teke initiativet til fakkeltoget.

Foto: Privat

Bakgrunnen for fakkeltoget er at Bremanger må spare pengar. Eit tiltak er å leggje ned helsestasjonen på Hauge som i dag er open tre dagar i veka. Blir han lagt ned, må innbyggjarane reise til Svelgen for desse tenestene.

– Dei frå Kalvåg får lengst reisetid med om lag ein time og ti minutt kvar veg. Helsestasjonen skal vere ein tilgjengeleg stad for barn og unge, og vi vil ha nærleik og tilknyting.

Trur politikarane vil lytte

Ho fortel at det ikkje berre var brukarar av helsestasjonen som var med i fakkeltoget, men også dei som er eldre. I tillegg kom det folk frå ulike lag og organisasjonar.

Grotle er optimist og har tru på at politikarane vil høyre på bygdefolket.

– Vi har valt politikarane og dette er ein appell til dei. Vi meiner vi har gode argument i denne saka.

Vedteke eller ikkje?

Fakkeltog i Bremanger

PLAKATAR: Det er ikkje tvil om kva innbyggjarane ønsker.

Foto: Privat

Men det er ulike oppfatningar av om helsestasjonen er vedteken nedlagd eller ikkje. Ordførar Audun Åge Røys (H) sa til NRK tidlegare i dag at det er vedteke.

– Eg forstår innbyggjarane som engasjerer seg, men eg meiner dei skal få eit like godt tilbod ved helsestasjonen i Svelgen. Vi hadde eit prosjekt i fjor der vi skulle sjå på pleie- og omsorgstenestene våre. Då blei vi samde om å samlokaliserer tenestene i Svelgen. Dette er eit vedtak i kommunestyret, sa han.

Men kommunestyrepolitikar og leiar for prosjektet som skal vurdere sparetiltak, Åge Senneset (V), seier at ingen ting er avgjort.

– Kommunestyret har vedteke at vi skal sjå på dette, og ikkje tatt ei avgjerd, seier Senneset.

Ordførar skriv i ei tekstmelding at han står fast på at det gjort vedtak om flytting.

Hauge - Svelgen