Hopp til innhold

I-endingane kan stå for fall

Sogningar og andre som skriv til dømes «soli», «døri», «husi» og så vidare må kanskje snart slutte med det.

Ordlister og ordbøker

MANGE MÅTAR: I dag kan ein avslutte verb og substantiv nærmast alt etter dialekt. Det likar Språkrådet dårleg.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

På nynorsk er det i dag lov å skrive i-ending i ein del verb og substantiv, men no vil Språkrådet denne valfridommen til livs.

Hovudårsaka til at dette i-målet er føreslått er fjerna frå norma er at vi ser at det nesten ikkje er brukt. Heller ikkje dei i områda der i-målet er tydeleg i talemålet, seier Grete Riise, leiar i rettskrivingsnemda i Språkrådet.

Dei mange og ulike skriftsformene innanfor nynorsken kan forvirre. Språkrådet har som mål å gjere det enklare.

– Vi er blitt bedne om å forenkle og minske valfridomen. Og då er fjerning av i-målet eit av forslaga, seier Riise.

Dermed kan i-endingane til dømes i sognamålet snart vere historie, i alle fall om ein ønskjer å skrive korrekt og godkjent nynorsk.