Hopp til innhold

I dette landskapet tar Frøydis dei beste bryllaupsbileta

Frøydis Geithus (40) frå Sogndal er ei ettertrakta dame hjå alle som har planar om å gifte seg. Ho vert nemleg rekna som Norges beste bryllaupsfotograf.

Bryllaupsfoto av Frøydis Geithus

EIT LANDSKAP SOM PIRRAR: Bilete er teke på Veitastrond. Paret som har fått foreviga den store dagen sin er Cathrine Hilleren Nes og Bjarte Nes.

Foto: Frøydis Geithus

Frøydis Geithus, fotograf

POPULÆR FOTOGRAF: Frøydis Geithus får mykje merksemd for bileta sine.

Foto: Gert Huygaerts

Eg er kjend for å bruke landskapet heime i Sogn og Fjordane. For meg har det vore naturleg. Spesielt ute i verda pirrar det veldig, for fylket vårt er kanskje den vakraste plassen på jord, fortel Frøydis Geithus.

Kombinasjonen sognelandskap og bryllaupsbilete har vore gull for fotografen frå Sogn. Bileta har fått mykje merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Den viktigaste dagen

Å ta del i den viktigaste dagen i livet til folk er noko ho tykkjer er ekstra stas. Før bryllaupet brukar 40-åringen mykje tid med brudeparet.

– Dei må til dømes vere budde på at det kan bli «budleregn». Det viktigaste er å ikkje stresse. Dei skal nyte dagen og så tek eg av meg bileta, seier ho.

Dei siste åra har ho hatt bortimot 300 reise dagar i året. Geithus er også instruktør. Nyleg var ho i Portugal der ho underviste 22 norske fotografar i bryllaupsfotografering. I tillegg har det blitt populært for nordmenn å gifte seg i utlandet.

– Det passar meg veldig fint. Eg likar godt å reise, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Bryllaupsfoto Frøydis Geithus

I SKJOLDEN: Christianne Kvam og Odd-Geir Listou Høyheim.

Foto: Frøydis Geithus

Begynte tidleg

Allereie som 14-åring fekk ho jobb hos den kjente sogndalsfotografen Bjørn Bergum.

– Eg har alltid visst at det var fotograf eg ville bli. Far min var ein flink amatørfotograf, og eg har alltid hatt tilgang på eit kamera. Men det var ikkje alltid like populært når eg tok bilete av den same kaninen på fire filmar, ler ho.

Sidan flytta ho til Oslo og jobba i fotostudio der. Eit studio ho overtok sjølv i 2000.

I dag bur ho på Høvik og driv fotostudio både i Oslo og i Sogndal. I Oslo driv ho mest med næringsfoto, medan ho satsar på bryllaupsbilete i Sogndal, der ho er ei veke kvar månad.

– Nesten som Northug

Sogndølen har vunne fleire prisar frå Norges Fotografforbund. Nyleg vart Geithus utnemnt som Nikon sin einaste kvinnelege ambassadør i Norden.

– Det er heilt enormt. Det kan samanliknast med Petter Northug sin coop-avtale. Å ha ein slik sponsor og slik støtte i ryggen opnar mange dører for meg, fortel ho.

– Er det vanskeleg å livnære seg som fotograf når mange i dag har godt fotoutstyr tilgjengeleg?

– Både ja og nei. Det er jo ein naturleg utvikling av den digitale verda. Fordelen for oss fotografar er at folk ser at det er ikkje så lett å ta bilete, og spesielt i bryllaup. Men eg tykkjer det er flott at det er blitt så tilgjengeleg for alle.