Hopp til innhold

I denne teksten skjuler det seg eit giftdrap

FØRDE (NRK): Dette mystiske dokumentet frå 1800-talet er vanskeleg å tyde, men byr på ei spennande historie.

Tekst frå 1800-talet

DRAPSSAK: Denne gamle teksten handlar om eit over hundre år gammalt giftdrap.

Foto: Yngve Nedrebø / Statsarkivet i Bergen

– Det var mange slike saker. Dei har gått i gløymeboka fordi dei var svært vanskelege og tragiske for lokalsamfunnet, seier Harald Runde.

Runde er ein av deltakarane i ei lesegruppe på Førde bibliotek, og har teke med seg det mystiske rettsdokumentet frå 1800-talet. Han er aktiv i sogelaget i Naustdal, og det var slik han kom over denne mordsaka.

Tyding av 1800-talsskrift

LØKKESKRIFT: Teksten frå 1800-talet har ei gamal løkkeskrift som er tidkrevjande å tyde.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Lesegruppa har hatt jamlege møter i halvanna år for å lære seg å tyde gotisk og andre eldre skriftformer. Teksten Runde har med seg handlar om ei kvinne som var utru mot mannen sin medan han var i Amerika.

– Og så kom han plutseleg og uventa heim igjen. Dette var litt ulagleg for ho, då ho hadde innleia eit forhold til tenestedrengen, seier Yngve Nedrebø som er statsarkivar ved Statsarkivet i Bergen.

Utfordrande skrift

– Det må vere litt spennande å lese, slik at ein får lyst til å bla om til neste side, seier Nedrebø om tekstane dei jobbar med.

Han er leiar for lesegruppa og fortel at gotisk skrift er ei tysk skriftform som blei den dominerande skrifta i Noreg på 1600-talet. Det er dermed mange som har gamle brev og liknande som dei ikkje klarar å tyde.

– Denne gongen er det ikkje gotisk skrift, men den er framleis ganske vanskeleg, seier Nedrebø som opplever stor interesse for gamle tekstar.

Konsentrerte

KONSENTRERT: Ståle Sørbotten og dei andre i lesegruppa les seg gjennom den vanskelege teksten, ord for ord.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Giftdrap

Teksten om kvinna som var utru er krevjande, men gruppa er spente på kva som skjedde denne mørke dagen seint på 1800-talet.

Kona som hadde innleia eit forhold til tenestedrengen hadde også blitt gravid med han. Når mannen hennar kom heim frå Amerika, blei ho svært overraska. Det viser seg at det uheldige tidspunktet for heimkomsten hans fekk fatale følgjer.

– Kona valde å løyse saka med å forgifte mannen slik at han døydde, fortel Nedrebø.

Ho hadde nemleg putta revegift i gamalosten hans. Etter rykta, var desse dei siste orda til mannen: "Dette skulle du ikkje ha gjort, Birgitte!".

Dersom ein er interessert i slektsforsking kan ein søke i Digitalarkivet.