Hopp til innhold

I denne bygda bur det 900 personar - 170 av dei er medlem i Røde Kors

Røde Kors feirar 150 år. I Olden er Olden Raude Kross 95 år i dag. Slikt blir det feiring av. Og forhåpentlegvis fleire medlemmer.

– Det er stort, seier lokalforeiningsleiar i Olden Raude Kross, Sigurd Strand.

I samband med markeringa av 150 årsjubileet turnerer ein lastebil landet rundt med ein diger container med ei jubileumsutstilling. I dag stoppa lastebilen i Olden, før han held fram til fleire andre stoppestadar i fylket.

Mange tok turen for å sjå på den flyttbare møteplassen som containeren er. Veggane vert bretta ut til utstillingsvegger, og saman med sidetelt er det eit heilt lite historieunivers for publikum.

– Røde Kors er viktig. Vi er der når det skjer, seier Strand.

Hadde 500 medlemmer på 1980-talet

Han er sjølv leiar i eit livskraftig lokallag med imponerande 170 medlemmer, når ein tenkjer på at vesle Olden berre har 900 personar i bygda.

Lokalforeiningsleiar Sigurd Strand i Olden

JA TAKK: Lokalforeiningsleiar Sigurd Strand i Olden vil gjerne ha fleire medlemmer.

Foto: Henning Hellebust

– Prosentvis kjem vi godt ut. Men vi kjem nok aldri tilbake til tala frå 1980-talet då vi hadde 500 medlemmer. Vi er likevel stolte av å vere ein sterk bastion i bygda, seier Strand.

Han legg ikkje skjul på at han håpar den landsomfattande turneen gir fleire medlemmer til Røde Kors.

Tungt å rekruttere

– Vi håpar på seks-sju nye berre til vårt lokallag. Markeringa i dag har vi med laga i Stryn og Vikane, og dei håpar på det same, seier Strand.

Det er tungt å rekruttere, ein lagnad Røde Kors deler med mange frivillige organisasjonar.

– Men det går, seier Strand.

Han trekkjer fram at Røde Kors både i Stryn og elles i fylket stiller når det trengst.

– Fordelen vår er at vi har utstyret lokalt. Så når noko skjer, er vi klar, seier Strand.