NRK Meny
Normal

I denne 300 år gamle jordkjellaren startar reisa til Bjarne sin røykelaks

GUDDALEN (NRK): I ein 300 år gamal jordkjellar lagar Bjarne Huseklepp røykelaks til kundar i heile landet og utlandet.

Jordkjellar i Guddalen

RØYKAR LAKSEN: I denne jordkjellaren blir laksen røykt.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Eg kan ikkje ta i mot fleire bestillingar denne jula. Dei som vil ha røykelaks av meg, må bestille for jula 2017, seier Bjarne Huseklepp og smiler.

Regndropane rislar over det golde novemberlandskapet, men Huseklepp er likevel ute ved jordkjellaren. Der inne heng laksesidene og badar i røyk, som blir leia gjennom eit røyr frå ein omn på utsida.

Huseklepp har produsert sin eigen røykelaks sidan 1984. I fjor leverte han eitt tonn til kundane sine, som i år tel 176.

– Snart skal eg til London med laks til ein kunde. Det er moro for ein enkel sunnfjording.

Huseklepp lagar røykelaks

EINER OG OREVED: Einebuskene syt for at det blir mykje røyk.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Har prøvd seg fram

Bjarne Huseklepp

PRØVE OG FEILE: Huseklepp understrekar at det er viktig å gjere ting på nøyaktig same måten kvar gong, om ein skal få det til å fungere.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Jordkjellaren har blitt brukt til røyking av fisk og kjøt i rundt førti år. Det viser godt på vegger og tak. Dei er innbarka og svarte. Karrieren til Huseklepp starta då han sende inn laks til røyking, og fekk eit dårleg produkt tilbake.

– Fisken var fullstendig øydelagt og oversalta, fortel han.

Då bestemte han seg for å prøve sjølv. Far hans dreiv allereie på med røyking av kjøt, og dei fyrste laksesidene røykte Huseklepp i lag med han. Han prøvde seg fram, og etter mange forsøk fann han ut korleis temperaturen og røyketida bør vere. Sukker og salting av laksen er også ein vitskap.

Laks klar for røyking i Guddalen

I EMNING: Å røyke laks er ein stor jobb. Ein må tine, skjere ned, utbeine, salte, sukre og tørke han.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Eg saltar og sukrar sidene ut frå kor store dei er. Men den verkeleg store jobben er å ta ut alle beina, seier Huseklepp.

Jordkjellar i 300 år

Historia går langt tilbake på garden hans, heilt tilbake til svartedauden sine herjingar.

– Eg røyker laksen her fordi det fungerer. Dessutan hadde det blitt mykje styr å bygge noko nytt.

Kjellaren har også vist seg å vere eit vern for gardsfolket under andre verdskrigen.

– Hausten 1944 gjekk det dårleg for Hitler, og forsyningane til soldatane hans svikta. Derfor reiste dei rundt og kartla kor mykje dyr og korn som fanst på gardane, sidan dei skulle ha noko av det som mat.

Ein dag såg tanta hans to befal som gjekk inn i fjøsen på nabogarden. Ho var berre seksten år den gongen, men skjønte kva dei heldt på med. Ho handla raskt.

– Ho tok med seg den beste kua og gøymte seg i jordkjellaren. Der inne sat ho og klappa på henne og håpa at ho skulle vere stille. Kua heldt stilt, og dei vart heldigvis ikkje oppdaga.

Kvar laurdag står han under det same taket og jobbar med fisken, og dét er han fullt klar over.

– Det tenkjer eg på kvar gong, spesielt når eg står der eg veit at dei sat, seier han.