Hopp til innhold

Hopen klinka til frå start då Sogndal endeleg vann

I ein kamp der Tromsø dominerte, men ikkje fekk utteljing, var det botnlaget Sogndal som stakk av med sigeren.

Ørjan Hopen blir tiljubla av Sogndal-spelarar.

JUBEL: Ørjan Hopen (t.h.) fekk mykje jubel etter innlegget som førte til sjølvmål for Tromsø.

Sjølv om Tromsø var det laget som hadde ballen mest og som hadde flest målsjansar vart det altså heimelaget som vann.

Etter å ha starta sju kampar på rad på benken, var det Ørjan Hopen som gjorde grovarbeidet ved dødlinja og fekk stilna dei 13 tilreisande Tromsø-supporterane.

– Eg fekk inn ein ball frå Malick (Mane, red. anm.) og får rota den med meg. Ser Ulrik på bakerste og prøver å slå på tvers mot han. Men kanskje like greitt at den blir sett inn av dei også, gliser 20-åringen.

Sogndal hardt ut frå start

Ørjan Hopen

TILBAKE: Ørjan Hopen har site på benken gjennom den tunge perioden til Sogndal. Mot Tromsø var han tilbake frå start og gjorde ein god jobb.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sogndal gikk hardt ut frå start, og 2.736 tilskodarar fekk kampen einaste mål etter 18 minuttar. Det var heimepublikumet som jubla, men Tromsø's Saliou Ciss som sette ballen i mål. Bak sin eigen keeper, Benny Lekström.

For første gong sidan premierkampen mot Odd Grenland, vart fjorårets komet i eliteserien tiljubla som målscorar.

– Det var deilig å få tre poeng. Det var viktig no. Å kunne medverke til at vi tek poeng gir det heile ein ekstra dimensjon, seier Hopen om poenga som løfta Sogndal forbi Sandnes Ulf og opp til kvalifiseringskamp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo ser ballen gå i mål mot Tromsø

SCORING: Ulrik Flo (t.h.) følgjer ballen med argusauge over målstreken.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Første siger i år

Ein som retta eit lettelsens sukk i retning Hopen, var Per Egil Flo. Det skulle gå ni seriekampar etter eit lengre skadeavbrekk før han igjen kunne rette armane i veret og juble over tre poeng.

Per Egil Flo

ENDELEG: Etter åtte kampar utan siger, kunne Per Egil Flo juble over trepoengar att mot Tromsø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sist han gjorde det, var etter 2-1 sigeren over fjorårets seriemeister Molde i sesongavslutninga. Også det på heimebane.

– Dette var første sigeren min i år, og var utruleg deilig. No kjennest det veldig godt, seier han.

Vendepunktet?

Sogndal stod løpet ut, trass stort press frå gjestande Tromsø. Tabellfiraren si sigersrekke stogga på fire kampar i denne omgang, medan Sogndal endeleg kunne juble over tre poeng etter sju kampar utan siger.

Flo håpar sigeren er vendepunktet i Sogndal sin kamp for å overleve.

– Dette var veldig viktig. Alle har følt at det har gått veldig imot, at ingenting går vår veg og at innsatsen vi har lagt ned har vore til ingen nytte, seier han.

– Fortente sigeren

Jonas Olsson

FORTENT: Jonas Olsson meiner Sogndal fortente poenga mot Tromsø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– No får vi håpe dette gir oss sjølvtillit inn i dei kommande kampane, og at det går bra. Eg trur dette skal gå veldig bra, legg stryningen til.

Sogndal-trenar Jonas Olsson kunne også smile breitt etter kampen. Sjølv om disiplane hans gjorde det unødvendig spennande på slutten. Tromsø hadde fleire målsjansar til å både utlikne og ta alle poenga.

Samstundes kontra også Sogndal seg til sjansar.

– Ja, det er alltid ein risiko for at sigeren kan glippe, men vi har hatt mange slike kampar tidlegare. I dag tykkjer eg vi vinn rettferdig, seier svensken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal-spelar Azar Karadas ut på båre mot TIL.

SKADE: Karadas måtte av bana etter ein duell med ein tromsøspelar

Foto: Oddleif Løset / NRK

TIL tok ikkje sjansen

Per Mathias Høgmo konstaterer at Tromsø brende sjansen til å snike seg heilt opp i ryggen på Molde, Strømsgodset og Rosenborg. Etter full pott og 12 poeng på dei siste kampane, kunne dei for alvor melde seg på medaljekampen.

Per Mathias Høgmo

SKUFFA: Tromsø-trenar Per Mathias Høgmo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Strømsgodset tapte fredag for Viking, Rosenborg tapte for Brann, medan Molde fekk med seg berre eitt poeng frå Skien.

– Vi hadde gylden moglegheit å krype opp i ryggen på dei framfor oss, den tok vi ikkje. Det er framleis moglegheiter, men vi toler veldig få feilskjær for å seie det slik i dei neste kampane, seier Høgmo som denne veka sender spelarane sine ut i semifinale i cupen mot Molde.

Karadas til sjukehus

Einaste skår i gleda for Sogndal var at Azar Karadas vart sendt til sjukehus i Førde med ambulanse.

Midtstopparen trakka over i ein duell midtveges i første omgang.

– Eg veit ingenting om skaden hans, men eg håpar ikkje det er langvarig, seier Olsson.