Hopp til innhold

I dag vil han gjere noko han ikkje har gjort på seks år

– Alle må vere med i 90 minuttar. Vi har ikkje råd til å falle ned som sist helg, seier Even Hovland. Som i dag håpar å ta sin første siger på seks år som Sogndal-spelar.

Even Hovland

VIL HA SIGER: Som Molde-spelar tapte Even Hovland aldri for Aalesund. Med Sogndal har han aldri slått sunnmørslaget. I dag får han sjansen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Formkurva kan tyde på at det er ei godt tidspunkt for Sogndal å møte dagens motstandar, Aalesund.

Samstundes passar det også sunnmørsklubben bra å få besøk av Eirik Bakke sitt mannskap. Begge laga er nemleg inne i ein tung og poengfattig periode.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er to lag som må ha poeng. Det blir nok litt ta og føle på i starten, konstaterer Sogndal sin heimvende son, Even Hovland.

Jamt i botnen

– Men vi må levere i 90 minuttar om vi skal få med oss noko, legg midtstopparen til og vedgår at Sogndal må ha poeng.

Etter tapet for Haugesund sist helg , fall Sogndal ned på den utsette 14.-plassen, kvalifiseringsplass.

Men det er jamt i botnen av tabellen. Tromsø har poenget mindre enn Hovland & co., medan Aalesund på 11.-plass har to poeng meir. Berre tabelljumbo Viking ser ut til å vere fortapte med sine 15 poeng.

– Alle dei siste kampane blir viktige. Vi må ha med oss mest mogleg poeng i kvar kamp, og så får vi telje opp til slutt, seier Hovland.

Begge vil ha poenga

Vertane har spelt åtte kampar utan siger. For Hovland & co. er situasjonen noko betre. Sogndal har to sigrar i den same perioden.

HØYR: Følg fotballrunden med 4-4-2 Radiosporten frå klokka 18.

– Trur du poengnauden vil prege kampen?

– Det er aldri godt å vite. No må vi legge planen for korleis vi skal få oss ei god oppleving. Men det som er sikkert, er at også Aalesund vil ha desse tre poenga.

Det nærmar seg seks år sidan han sist kunne juble for tre poeng i Sogndal-trøya. Årsaka er openberr. I mellomtida er han blitt cup- og seriemeister med Molde og hatt eit tre år langt utanlandsopphald i tyske Nürnberg.

Vil gjerne vinne att

Som Molde-spelar tapte Even Hovland aldri for Aalesunds. Med Sogndal har han aldri slått tangotrøyene. Uansett, det viktigaste i dag er poenga.

Slik som i fjor då Sogndal valsa over Aalesund og vann 4–1.

– Det er alltid viktig å vinne, uansett om du er i topp eller botn. Men alle må vere 110 prosent skjerpa gjennom heile kampen. Vi kan ikkje falle ned i andre omgang, som mot Haugesund. Alle må vere med i 90 minuttar, seier han.

– Og det er fullt mogleg. Vi veit at dei har gode spissar framover, men slepper motstandarane mykje til bakover. Då gjeld det for oss å utnytta sjansane vi får, avsluttar Hovland.

Laster innhold, vennligst vent..