NRK Meny
Normal

Tre år etter debuten har han framleis til gode å stå på pallen

Anders Fannemel gir opp draumen om samanlagdsigeren i hoppveka for i år. No siktar han seg inn på pallen – både i dag og samanlagt.

Anders Fannemel

PALLJAKT: Anders Fannemel har framleis til gode å stå på pallen under hoppveka.–Diverre, så det er på tide å bryte den. Men det er beinhard konkurranse, seier han.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det er litt for langt opp. 35 poeng betyr at eg må ta over 15 poeng på to renn, og det blir vanskeleg mot Prevc, som har vore nummer ein eller to gjennom heile vinteren, seier Fannemel.

– Eg får sjå om eg klarar å kjempe om pallen samanlagt. Det hadde vore utruleg artig, men eg ser det blir ein hard kamp det også, legg han til.

Fungerer bra

Honndølen som før hoppveka vurderte seg sjølv som ein outsider til samanlagtsigeren innser at avstanden til leiande Peter Prevc er i største laget. Slovenaren, som også leiar verdscupen, har vist seg vanskeleg å slå i år.

Anders Fannemel er nummer fem i samandraget og i var lengst av alle med 130,5 meter i kvalifisering i går. I dag møter han amerikanske Michael Glasder i utslagshoppinga. Det bør vere grei skuring.

Anders Fannemel med langt hopp

SJÅ: Fannemel var lengst av alle i laurdagens kvalifisering.

– Hoppinga fungerer bra. Det var litt smårusk og enkelte feil på treninga, men som eg fekk retta på til kvalifiseringa, seier han.

Fekk tredjeplass

Sjølv om han var lengst i kvalifiseringa laurdag, enda Fannemel på tredjeplass. 16 poeng frå den norske dommaren irriterte honndølen i går. Det kosta han dei 2 000 euroane som går til vinnaren av hoppvekekvalifiseringa.

Irritasjonen vil han ikkje ha med seg inn i dagens renn i Innsbruck.

– Nei, det håpar eg ikkje. Det vil i så fall vere dårleg mental psyke om eg skal bruke kreftene på det. Så det er eg ferdig med, seier han.

Aldri på pallen

Fannemel debuterte i hoppveka 2012-2013, men har framleis til gode å få stå på pallen. Det ynskjer han å gjere noko med i dag.

– Då må eg ha to slike hopp som i kvalifiseringa. Men nivået er så pass høgt, at det skil små marginar i toppen, seier han.

– Kven du vurderer som dine argaste konkurrentar?

– Utanom Prevc, så hoppar eit par austerrikarar bra, Michael Hayboeck og Stefan Kraft. Du har Kenneth Gangnes, Johann André Forfang, Severin Freund og Richard Freitag. Eg kan nemne fleire, så det er mange om beinet.

Fannemel har ein gong tidlegare vunne kvalifiseringa i Innsbruck. Det skjedde for nøyaktig to år sidan.

– Men eg har til gode å få det til i rennet. Forholda har vore varierande, så eg er spent på korleis det blir i år. Eg gler meg uansett til å hoppe, seier han.

Andre duellar med nordmenn:

Ville Larinto (Finland) – Andreas Stjernen

Tom Hilde – Dawid Kubacki (Polen)

Ilmir Hazetdinov (Russland) – Joachim Hauer

Lukas Hlava (Tsjekkia) – Kenneth Gangnes

Michael Neumayer–Johann André Forfang

Daniel Andre Tande–Domen Prevc (Slovenia)

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast