NRK Meny
Normal

Oppryddinga og årsaksjakta i gang

I dag fekk Havarikommisjonen og Statens vegvesen kome inn i Skatestraumtunnelen. Øydeleggingane etter eksplosjonen og brannen er svært store, og bilistar må bu seg på månadar før dei kan nytte tunnelen att.

Skatestraumtunnelen

STORE SKADER: Ikkje berre tunnelveggar og -tak og elektrisk anlegg har fått store skader, men også denne personbilen som nokon måtte forlate i flukta frå tunnelen.

Foto: Bjarne Eldevik

Det var onsdag i førre veke vogntoget var på veg frå Måløy til Florø, då hengaren med 16.500 liter bensin losna, trefte tunnelveggen og seinare eksploderte. 15 personar berga seg ut av tunnelen, og ingen kom til alvorleg skade.

Men dei materielle øydeleggingane er svært omfattande, fortel Martin Visnes i Statens havarikommisjon for transport, som sjølv fekk kome ned i tunnelen i dag.

– Det er veldig store skader på tunnelen der tankbilen har brent, og også vidare nordover i tunnelen på veggar og tak. Elles var det røykskadar ned mot botnen av tunnelen, og nokre skader på det elektriske, seier Visnses.

Denne personbilen indikerer kva for eit drama folk flykta frå nede i Skatestraumtunnelen førre veke:

Personbil henta ut frå Skatestraumtunnelen 21. juli

Første undersøking av sitt slag

Tankbilhengaren er heilt utbrent, og berre framakselen og dei to bakre akslane var att. Havarikommisjonen starta i dag sine undersøkingar for å finne ut korleis hengarfestet kunne ryke. I tillegg til undersøkingar av sjølve hengaren, gjorde dei målingar og tok bilete på ulukkesstaden.

Denne ulukka er den første av sitt slag som Havarikommisjonen er inne i, og Visnes seier det er vanskeleg å love om og kva tid dei kjem fram til eit svar på kva som har skjedd.

– Det kan vi ikkje seie noko om. Vi brukar ein del ressursar på å finne ut av dette, og vi skal gjere vidare undersøkingar av detaljane i tida framover.

Opprydding og årsaksjakt i Skatestraumtunnelen, 21. juli 2015

Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen.

Pumpar ut vatn

Etter at brannmannskap sjekka tunnelen for farlege gassar, fekk også Statens vegvesen kome inn i tunnelen i dag. Mannskapet frå vegvesenet fekk slått på att pumpene som skal tømme oppfyllingsbassenget.

– Nivået på vatnet har gått opp, men det er ikkje kritisk. Vidare skal vi byrje å vaske ned tunnelen, og sjå på omfanget av arbeidet vi står føre: sikring av fjell, reparasjonar og elektriske installasjonar i tunnelen, seier Eivind Yttri i vegvesenet til NRK.

Yttri fortel at det er vanskeleg å seie kva tid reparasjonane kan starte, og endå vanskelegare å sette ein dato for opning av tunnelen. Men han ber bilistane og yrkessjåførane som nyttar tunnelen til vanleg om å bu seg på omkøyring i lang tid.

– Det vil ta litt tid før me får oversikt, og arbeidet i tunnelen vil nok skje i ulike etappar. Opning er det alt for tidleg å seie noko om. Som vi tidlegare har antyda vil det heilt sikkert vere snakk om fleire månadar. Noko meir konkret er ikkje mogleg å seie enno.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå