NRK Meny
Normal

I dag kan dei røyste frå godstolen

Frå i dag av kan innbyggjarane i ti kommunar førehandsrøyste over internett til årets kommune- og fylkestingsvalet.

Liv Signe Navarsete ved røysteurna i Lærdal

FØRHANDSRØYST: - Eg håpar vi vil sjå ei mykje større valdeltaking enn vi har gjort dei siste åra, seier Liv Signe Navarsete og trur at terroråtaka i Oslo og på Utøya inspirerer fleire til å møte opp på valdagen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Internettrøystinga blir no testa ut i ti kommunar i Norge . Mellom desse Bremanger kommune i Sogn og Fjordane.

– På eit tidspunkt kjem internettval til å vere det vanlege, trur eg. Men spørsmålet er kor langt fram i tid. Det er stor skepsis til det i ein del parti, seier regional- og kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Færre i «sofapartiet»?

Mange av dei røysteføre i Norge høyrer til det sokalla sofapartiet, eller dei som ikkje nyttar røysteretten sin. I 2009 røysta 76,4 prosent av dei røysteføre ved Stortingsvalet.

Ved kommunestyrevalet for fire år sidan deltok 61,2 prosent i kommunestyrevalet, medan 57,5 prosent røysta ved fylkestingsvalet. Dette var ein auke samanlikna med dei to førre lokalvala i 2003 og 1999.

Navarsete trur på auka valdeltaking når ein kan røyste frå godstolen.

– Det blir i alle fall veldig lettvint når ein kan gå på nettet og gi røysta der, seier ho.

Trygt e-val

Det er fleire problemstillingar knytt til internett-røysting.

Kommunalministeren seier dei kjenner seg trygge på at ingen vil kunne skaffe seg fleire røyster eller på andre måtar jukse ved valet med å manipulere datasystemet.

– Det er ein av dei viktige tinga å få prøve ut. Vi meiner det ikkje skal vere mogleg. Vi har opne kjeldekodar og det er veldig ope system slik i høve til at det skal vere trygt og sikkert, men også kan etterprøvast, seier Navarsete.

To prøveprosjekt

Nytt av året er også at 16- og 17-åringar i ti kommunar får røysterett.

– Eg trur at begge dei forsøka kan vise seg å føre til auka valdeltaking. Men vi skal sjå på korleis ein skal ha internettval, og samstundes ha hemmelege val. Og sikre system som gjer at den røysta ein gir kjem fram, seier Navarsete.

«Normal» valkamp

Kommunalministeren var i dag i heimbygda Lærdal der ho førehandsrøysta på rådhuset.

Laurdag startar kampen for å vinne røystene. Trass terroråtaka i juli, har Navarsete tru på at valkampen blir tilnærma normal.

– Så trur eg den nok blir nærast som ein normal valkamp i lokalsamfunnet. Det er viktige saker som skal avgjerast. Det kan vere skulesaker, eldreomsorg, om det skal byggjast bygg og korleis reguleringsplanar skal skje, altså det som betyr noko i folk sin kvardag lokalt, seier ho.

– God debatt er viktig

Navarsete håpar likevel at partia vil vise omsyn, og fokusere på sakene i debattane, framfor å gå til direkte åtak på andre parti. Likevel meiner ho ein god debatt er viktig i den situasjonen landet har vore igjennom.

– Eit godt politisk ordskifte er også viktig i den situasjonen vi er i no. For det er også ein måte å vise at vi står opp for demokratiet, seier ho og meiner at nettopp det å nytte røysteretten i år er viktig for styrke opp under demokratiet.

– Det er ein flott måte å vise at ein står opp mot åtaket på demokratiet ved å gå til vallokalet 12. september, seier ho.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast