NRK Meny
Normal

I dag spelar Hege (23) sin første cupfinale

Ho har aldri vore med å slå Larvik, men den forbannelsen må bli broten om Hege Bakken Wahlquist frå Øvre Årdal skal oppfylle draumen om cupgull.

Hege Bakken Wahlquist

SPELAR OM GULL: Hege Bakken Wahlquist (23) og Glassverket møter i ettermiddag Larvik til cupfinale.

Foto: Peter Tubaas

– Det blir skikkeleg stort. Det er mykje spenning, men mest av alt gler eg meg, seier den unge kantspelaren, dagen før det brakar laus ute på parketten.

Klokka 17.00 møter Glassverket motstandar Larvik til cupfinale på Nadderud Arena. Ein motstandar drammenslaget aldri har greidd å slå.

– Det var ein gong me greidde å halda dei jamt ganske lenge, så me veit at det blir tøft å vinna kampen. Målet vårt er at alle skal gjera sitt beste og at me skal få det beste ut av laget, så får me heller ta resultatet slik det kjem, seier Bakken Wahlquist.

Til no er høgdepunktet i karrieren sølvet dei tok i serien i fjor. Ein cupfinale blir eit nytt høgdepunkt, uansett resultat.

Hege Bakken Wahlquist

VIKTIG BRIKKE: Med åtte mål i semifinalen var Hege Bakken Wahlquist var sentral då Glassverket spelte seg til sin første NM-finale på 34 år.

Foto: Peter Tubaas

– Eg har aldri opplevd det før, og det blir mest sannsynlegvis det største eg har opplevd på handballbana, seier ho.

I jula fekk ho fire dagar fri til å lade batteria heime i Øvre Årdal. Dei siste dagane har gått med til å studere motstandarane på video.

– Det blir å sjå på kva Larvik gjer og finne mottrekk til det, seier Bakken Wahlquist.

Som òg kan rekne med å få støtte frå heimbygda.

– Det blir kjempemoro. Eg har høyrt at det er ganske mange som kjem, ein heil buss. Eg set stor pris på at dei vil ta turen, seier ho.

– Då får vi prøve å gje dei litt valuta for reisa og pengane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.