Hopp til innhold

I dag skaut han 20 treff for første gong - men det heldt ikkje til pallplass

Trass i at forma har vore sånn passe, klinka Håvard Gutubø Bogetveit til med 20 treff på jaktstarten i Ridnaun i dag. Farten i sporet var derimot ikkje god nok. Dermed hamna førdianaren på ein 6. plass.

Håvard Gutubø Bogetveit

NØGD: Håvard Gutubø Bogetveit meiner dagens prestasjon var bra, med tanke på at han er sliten etter ein tettpakka sesong.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Men eg er utruleg godt nøgd. Det er første gong eg har 20 treff på løp. Og med tanke på forma, var det ei veldig god gjennomføring i dag, seier Bogetveit som gjekk seg opp frå ein 23. plass.

22-åringen har ikkje følt seg i veldig god fysisk form siste veka, rett og slett fordi han er sliten etter eit tett løpsprogram.

– Eg merka det godt på kroppen allereie førre helg. Ut frå føresetnadane var løpet i dag godt. Det var ei fantastisk kjensle å sjå siste blinken gå ned, seier Bogetveit.

Som å puste gjennom eit sugerøyr

Han hadde gjerne sett at farten i sporet hadde vore større, men kroppen hadde ikkje meir å gje.

– I tillegg var det veldig tunge forhold. Det hadde komme 25 centimeter tung og våt nysnø, i tillegg til at vi går på 1.400 meters høgde. Det merkast godt. Det er som å puste gjennom eit sugerøyr til tider, seier ungguten.

I morgon er det mix-stafett, og i kveld får Bogetveit vite om han vert utteken. For han vil gjerne gå, sjølv om han er sliten.

– Det er klart lysta til å gå er der, seier han.

Spent på om han får gå EM

Om to veker er det EM, men Bogetveit veit førebels ikkje om han vert utteken. Fem plassar skal fyllast, men kampen om plassane er stor.

I fjor var det U26 EM, men i år er det ope for alle. Det betyr at Bogetveit må konkurrere om plassane med mellom andre Alexander Os, Lars Helge Birkeland og Henrik L'Abée-Lund, i tillegg til fleire gode IBU-cup-løparar.

Starten på årets sesong var heller dårleg, men før jul gjekk førdianaren jamt godt.

– Eg kom meg akkurat inn på dei to viktige IBU-cuprundane. Eg har éin 6.-plassar her, noko som er veldig bra. Og så har eg ein 5. plass frå Polen førre helg. Vi får berre sjå om det held til EM-deltaking, seier Bogetveit.

Fram til då skal han ta det knusande med ro.

– Eg har fått streng beskjed frå trenaren min om å ta ei veke fri. Det kjenner eg skal bli godt, seier Bogetveit.