Hopp til innhold

I dag skal høgskulen diskutere vegen vidare

I Sogndal er det stor skepsis til samanslåing. Andre stader i landet meiner studentar at samanslåinga av fleire høgskular til det nye store NTNU har vore ein suksess.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

HØGSKULEN: I dag vert planane for ein fusjon mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Frå årsskifte vart høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag slått saman med storebror NTNU i Trondheim. I dag får høgskulestyret i Sogn og Fjordane presentert utkastet til ein fusjonsavtale med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. I Sogndal er skepsisen stor, men i Gjøvik er erfaringane så langt svært positive.

– Vi har eit mykje betre kvalitetsstempel no enn vi hadde tidlegare, seier Jonathan Sørfonden. Han er tidlegare leiar i Studentparlamentet ved Høgskolen i Gjøvik.

Han meiner det kling langt betre med NTNU enn Høgskolen i Gjøvik.

– For min del som student som skal uteksaminerast, så er det mykje betre å uteksaminerast frå NTNU enn frå høgskulen.

Samanslåing

Nye NTNU er Norges største utdanningsinstitusjon med 39.000 studentar.

– Hjå oss var det eigentleg ikkje motstand, vi var svært nøgde med fusjonen, seier Sørfonden.

Ingrid Moe Albrigtsen

SKEPTISK: Ingrid Moe Albrigtsen er leiar for studenparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

No gå det føre seg ein liknande prosess på Vestlandet. I dag får styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane presentert utkastet til ein avtalte om samanslåing med Høgskulen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund. Barnet har fått namnet Vestlandshøgskulen, men prosjektet møter motstand både hos studentar og mange av dei tilsette i Sogn og Fjordane.

– Det er snakk om å bli stor og viktig, men det er veldig vanskeleg å stelle seg til, seier Ingrid Moe Albrigtsen.

Ho leiar studenparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og stør seg på ei stundentundersøking der heile 87 prosent sa nei til å i det heile tatt forhandle om fusjon.

– Dei som har klart å finne fusjonspartnarar som passar godt i lag, for dei er det vel og bra. Men her blir ikkje vi nødvendigvis betre av at vi fusjonerer.

Positive i nordfylket

I Ålesund er tonen ein heilt anna. Etter drygt fire månader som ein del av NTNU, er påtroppande leiar i studentparlamentet, Gjermund Kvernmo Langset, framleis positiv.

– Det er klart at NTNU er eit veldig sterkt varemerke for mange av dei utdanningane som er i Ålesund, som ingeniør og tekniske utdanningar, seier Kvernmo Langset

– I Sogn og Fjordane går diskusjonen mykje på sjølvråderett, korleis opplever du at det er for Ålesund i dag?

– Eg opplever at Ålesund er eit sjølvstendig campus. Førebels har vi lokal administrasjon og lokal leiing.

Men i Sogndal meiner Moe Albrigtsen at lykka er ikkje nødvendigvis handlar om å bli større.ed Høgskulen i Sogn og Fjordane presentert utkastet til ein avtalte om samanslåing med Høgskulen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund

– Slaget er ikkje tapt. Vi har ikkje tenkt å gi oss før 9. juni, det er då vedtaket skal gjerast, seier Moe Albrigtsen.