Hopp til innhold

I dag skal ho springe for livet – og faren

Laurdag skal Gøril Sætre frå Brekke i Gulen springe for livet. Ikkje sitt eige liv, men for dei mange som er råka av kreft.

Gøril Sætre og Ingvild Høydal

SKAL SPRINGE: Gøril Sætre (t.v.) skal springe Sommarnattløpet i Oslo. Med blir søskenbarnet og forlovaren Ingvild Høydal, som har ei mor som kjemper mot kreft.

Foto: Guillermo Navarro

Løpet blir gjort som utdrikkingslag for hennar eige bryllaup, som vart halde i fjor.

Og det er det ein heilt spesiell årsak til.

– Eg hadde aldri drøymt om å stå i det store kvite bryllaupet, men var det noko eg verkeleg ville, så var det at far min skulle vere der om eg gifta meg.

Faren var ramma av kreft. Og han var svært sjuk.

– Så vi kasta oss rundt og arrangerte bryllaupet på tre veker.

Det vart eit koseleg treff i Bergen. Etterpå var det sommarfest med solskin over Sognefjorden og mange gode minner.

– Far min var til stades. Heldigvis.

Og i oktober tapte han kampen sin.

Gøril Sætre

– Eg vil minnast pappa og hjelpe andre som er ramma av kreft, seier Gøril om kvifor ho gjer som ho gjer. Her med faren på bryllaupsdagen.

Foto: SBKPhotography.com

Fem kilometer

Noko utdrikkingslag vart det ikkje tid til på dei vekene bryllaupet skulle planleggast. Men etter at faren tapte kampen mot kreften, kom Gøril på nye tankar.

– Då tenkte eg at var det noko eg ville, så var det å samle inn pengar til kreftforeininga sitt arbeid. Om dei brukar pengane til utdanning, forsking, utstyr eller til pårørande; arbeidet deira er kjempeviktig,

– Så då bestemte vi oss for at vi ville ha eit utdrikkingslag likevel, sjølv om det var litt bakvendt, etter bryllaupet.

Augo hennar fall på Sommarnattløpet i Oslo. Der skal ho springe fem kilometer til minne om faren og for å samle inn pengar til ei sak som treff mange.

Saman i det løpande utdrikkingslaget blir venninner og søskenbarnet og forlovaren Ingvild Høydal.

– Innsamlinga har vi nådd. No kryssar vi fingrane for at vi når målstreken, smiler damene.

– Korleis blir det å springe i morgon?

– Fem kilometer er lite for dei som er vant med det. Men for oss er det kjempelangt! Vi skal ha det kjekt. Og så føler eg at det kjekt å kunne bidra på denne måten, seier Gøril.

Gøril Sætre og Ingvild Høydal

KLARE: Gøril Sætre og Ingvild Høydal i Oslo kvelden før løpet.

Foto: Privat

Kan framleis gje

Ingvild Høydal ser også fram til løpet.

– Dette er i ånda til onkel Magnar og Gøril. Eg er kjempesikker på at han hadde vore stolt over Gøril, seier Høydal.

– Kor mykje pengar er samla inn?

– Sist vi sjekka var det kome inn 54 400 kroner. Og det er framleis mogleg å gje. Det er berre å gå inn på Spring for livet på Facebook, seier Høydal.