Hopp til innhold

I dag skal fylkestinget vurdere feilstega til fylkesrådmannen

FØRDE (NRK): Kontrollutvalet har slått fast at fylkeskommunen har brote lova, i dag må fylkespolitikarane ta stilling til kva dei vil gjere med det.

Fylkesrådmann og fylkesordførar under fylkesutval

SKAL FORKLARE SEG: Fylkesrådmann Tore Eriksen (nummer tre frå venstre) skal forklare seg for fylkestinget i dag, i samband med at kontrollutvalet legg fram sin konklusjon som slår fast at fylkeskommunen har brote lova i Fjord1-saka.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Å snakke om at fylkesrådmannen må gå, tykkjer eg er ei stor overdimensjonering av situasjonen. Det vil vere rart å jobbe i ei bedrift der det ikkje er lov til å gjere feil.

Det seier gruppeleiar for KrF i fylkestinget, Trude Brosvik.

Trude Brosvik

MÅ VERE LOV Å GJERE FEIL: Trude Brosvik i KrF meiner at det må vere lov å gjere feil

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kontrollutvalet har kome til at fylkeskommunen braut lova då dei ikkje lyste konsulenttenester til over 16 millionar kroner i Fjord1-saka ut på anbod, men gav det direkte til advokatfirmaet Wiersholm.

Vil ikkje konkludere på førehand

I dag skal fylkestinget ta stilling til korleis dei skal reagere på kontrollutvalet sin konklusjon. Stein Malkenes i Miljøpartiet dei Grøne har allereie konkludert med at fylkesrådmann Tore Eriksen må gå av. KrF har altså kome til motsett konklusjon, medan Venstre er usikre.

– Eg tykkjer det er veldig rart å konkludere på førehand, uansett kva ein kjem fram til. No skal fylkesrådmannen leggje fram si forklaring, og den vil vi høyre på. Dette er ei svært alvorleg sak, og vi vil bestemme oss i løpet av møtet, seier Alfred Bjørlo.

Høgre har tillit

Høgre er klare på at dei forventar at fylkesrådmannen beklagar feilstega, seier gruppeleiar Noralv Distad.

– Her har det vore brot på regelverket, og det er alvorleg. Det er eit strengt regelverk på plass for offentlege innkjøp, og no må vi få på plass strenge rutinar slik at dette ikkje skjer igjen.

Noralv Distad

HAR TILLIT: Noralv Distad seier at Høgre framleis har tillit til fylkesrådmannen

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Men har de framleis tillit til fylkesrådmannen?

– Per no har vi det ja, og så reknar vi med at han kjem med ei orsaking, og at han syter for at slike ting ikkje kan skje igjen, seier Distad.

Fylkesrådmann Tore Eriksen ønskjer ikkje å kommentere saka før fylkestinget har gjort si handsaming.