Hopp til innhold

Det vert bryllaup på ein magisk dato

Familie og vener meinte det var på tide at desse to gifta seg, og arrangerer bryllaupsfest for dei. Brudeparet treng berre å møte opp.

Giftar seg

11.11.11: Datoen Unn Grete Hugøy og Steinar Vie skal gifte seg.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Landet rundt har gifteklare par venta lenge på å seie «Ja» den 11.11.11. Men for dette paret, vart datoen meir tilfeldig. Dei veit ikkje så mykje om kva som skal skje på denne viktige dagen.

– Eg treng berre å stryke skjorta mi, «that’s it», seier Steinar Vie som skal gifte seg med Unn Grete Hugøy den 11. i 11. i 2011.

– Me veit ingenting. Det er veldig spanande, seier Unn Grete.

Unn Grete Hugøy og Steinar Vie

THAILAND: Brudeparet har vore forlova sidan 2003.

Foto: Privat

Paret, som bur i Førde, forlova seg i Thailand i 2003. Og no skal det endeleg skje. Men kvelden før den store dagen er deira einaste oppgåve å pleie bryllaupsnervane. Heile bryllaupet blir arrangert av dugnadsvillige gjester.

– Me fekk faktisk innbyding sjølv, seier Steinar og ler.

– Også fekk me berre vite kva tid me skal i kyrkja i morgon, seier Unn Grete.

«Komiteen»

Brudeparet har skreve gjesteliste, men resten tek «Komiteen» seg av.

– Foreldra mine spør meg om alt mogleg om bryllaupet, og eg seier at då må dei snakke med dei som organiserer. Til slutt vart det berre ”Du får snakke med komiteen”, seier Steinar.

Det er Ellen Hugsøy og Rolf Smedsrud som leiar «Komiteen», og dagen før dagen var dei i full sving i ungdomshuset der bryllaupsfesten skal stå.

– Dei har budd i lag så lenge at dei har det dei treng av ting, så det er festen som blir gåva til brudeparet, seier Rolf.

Ellen Hugøy og Rolf Smedsrud

KOMITEEN: Ellen Hugøy og Rolf Smedsrud held styr på organiseringa.

Foto: Agnese Bremere / NRK

– Det vanskelegaste har faktisk vore å ikkje røpe nokon ting, for me er så mykje i lag også går du og tenkjer på det heile tida, seier Ellen, som er systera til bruda.

Magisk dato

Datoen vart sett i festleg lag og ikkje av brudeparet sjølve.

– Det var på Krabbefestival på Atløy, der Unn Grete kjem frå, i fjor. Det vart berre bestemt litt utpå kvelden. Vi sa no ja der og då, seier Steinar.

– Eg sat og bladde i kalenderen den kvelden. «Ellevte i ellevte» sa Rolf då, seier Unn Grete.

– Nokre veker seinare sa dei til oss at dei hadde bestilt kyrkje og ordna med lokale. Så då var det berre å stille opp, seier Steinar.

(Saka held fram under biletet)

Unn Grete Hugøy og Steinar Vie

HEIME: Brudeparet har prioritert hus og heim framfor bryllaup. På veggen heng bilete av ungane.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Allereie ektepar

Paret trefte kvarandre i 1994 og har to born. Ein gut på 13 år og ei jente på 8 år. Det har vore travelt og bryllaupet er blitt utsett og utsett.

– Me har prioritert diverse oppussingsprosjekt. Me har vore inne på tanken om å reise til utlandet, men det ville ikkje venner og familie ha noko av, seier Steinar.

– Det kostar jo litt å gifte seg. Men då venene våre ville arrangere bryllaupet, og det blir ein spleisefest, då kan me ta oss råd til det, seier Unn Grete.

– Me føler oss som eit ektepar allereie, så eg trur ikkje det blir noko forandring, seier Steinar.

Dugnad

Både venner, familie og kollegaer er med på å ordne og styre til bryllaupsdagen.

– Nokon bakar og lagar dessert, nokon har laga invitasjonar og bordkort, også er nokon ute i skogen og hentar pynt, seier Nina Smedsrud, som er kona til Rolf.

Rolf og Nina Smedsrud

ORDNING: Rolf Smedsrud og kona Nina Smedsrud er i full sving.

Foto: Agnese Bremere / NRK

I alt er kring 50 personar med og bidreg til den store dagen.

– Det er mange som har tilbydd seg å hjelpe, seier Rolf.

Han er ein av dei som har vore med på å «utøve hardt press» på brudeparet om at dei må gifte seg. Og han trur dei er veldig spente.

– Det vil nok komme eit par overraskingar i løpet av morgondagen, seier han.

Lett å hugse

Det er ein populær dato å gifte seg på. Og den har sine fordelar.

– Det blir ikkje vanskeleg å hugse bryllaupsdagen sin, seier Unn Grete.

– Ja, den sit nok ganske bra, seier Steinar.

– Me forlova jo oss 10.02.03. Altså, «ein, to, tre». Også er sonen vår fødd 1. januar, så me likar eittal, seier Unn Grete.

– Det går i eitt, seier Steinar.

Slappar av

– Det blir veldig kjekt, og me har fått tilbakemelding frå gjestene om at dei gler seg, seier Steinar.

– Me stolar fullt og heilt på dei som arrangerer. Dei kjenner oss såpass godt at dei veit korleis me vil ha det.