Hopp til innhold

Lokale politifolk sin innsats avslørte banden som ville tømme minibankar over heile Europa

STRYN (NRK): Snarrådig innsats frå dei to lokale politifolka Vegard Dale og Eirik Krossen gjorde at banden sine planar om å tømme mange minibankar blei avslørt.

Politibetjentane Eirik Krossen (t.v.) og Vegard Dale

RASKT PÅ PLASS: Politibetjentane Vegard Dale (t.h.) og Eirik Krossen førebur seg på å forklare tingretten om etterforskinga av innbrotsforsøket av denne minibanken i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politiarbeidet vert omtala som handverk av upåklageleg kvalitet. I dag skal politibetjentane i Stryn forklare tingretten om ei omfattande, internasjonal og eitt år lang etterforsking.

Ei utkalling midt på natta, to borehol i ein minibank og tre mistenkte på frifot. Det var slik det heile starta for politibetjent Vegard Dale i februar i fjor.

– Ved sidan av tastane var det bora eit stort rundt hol, ut av holet hang det ei leidning med ei slags påkopling, forklarar Dale utanfor den no nye minibanken i Stryn.

Europol sitt hovudkvarter i Haag

FELLES MØTE: Saman med ein kollega reiste politibetjent Vegard Dale til Nederland for å møte europeiske etterforskarar som jakta på minibankbandar.

Foto: Politiet

Innbrotsforsøket skulle ta politibetjenten heilt til Europol i Haag. Men først måtte gjerningsmennene bli tekne, og det skjedde kjapt. To timar etter at Dale vart kalla ut, hadde kollegaene i Lom tre rumenarar i varetekt.

– Det er ikkje ofte vi kan seie til nokon som er utsett for innbrot at vi har tatt gjerningspersonane etter så kort tid. Det var veldig morosamt, seier Dale.

Det var Politiforum som først omtalte politiarbeidet i Stryn. Då rettssaka mot rumenarane starta i Sogn og Fjordane tingrett måndag sa alle dei tre tiltalte seg skuldige i innbrot i fleire minibankar.

Metoden dei brukte vert kalla «black boxing». Via ein laptop manipulerar ein «hjernen» til minibanken og får den til å «spy ut» pengar.

Koplingar til utlandet

Med gjerningsmennene i varetekt starta vesle Stryn lensmannskontor på etterforskinga.

– På dei tiltalte sine pcar og mobilar, såg vi tidleg at det var søkt etter minibankar i andre land, seier politibetjent Eirik Krossen.

Etterforskinga fekk internasjonale forgreiningar, og eit samarbeid på tvers av landegrenser vart oppretta. I dag skal Dale og Krossen forklare tingretten om etterforskinga. Koplingar til utlandet vert truleg sentralt.

Minibank i Stryn

RANSFORSØK: Slik såg minibanken i Stryn ut, etter at den vart forsøkt tappa for kontantar. Utbyttet vart magert.

Foto: Politiet

– Politiet har kome fram til at det har sitte ein person i eit anna land og styrt dei mest utfordrande dataoppgåvene, seier Krossen.

– Kva veit de om den eller dei personane?

– Det kan vi ikkje seie så mykje om no.

– Men dei tre har hatt hjelp utanfrå?

– Ja, det meiner vi å kunne dokumentere ganske godt.

Meiner tid og lokalkunnskap var avgjerande

Rumenarane spraya kameraet ved minibanken i Stryn.

SPRAYA: I eit forsøk på å bli avslørde, spraya rumenarane kameraet ved minibanken i Stryn.

Foto: Politiet

Då alarmen gjekk vart alle nabodistrikt varsla. Ei snarrådig vakt på operasjonssentralen allierte seg med brøytemannskapet på Strynefjellet. At politiet var raskt på staden var avgjerande for rask pågriping, meiner Dale.

– Ikkje minst hadde vi eit godt samarbeid med operasjonssentralen i Florø. Der sat det dyktige kollegaer som var kjent i distriktet og tenkte kreativt.

Sjølv var han på åstaden åtte minutt etter at han fekk utkallinga.

– Det er sjølvsagt veldig motiverande at vesle Stryn kan arrestere folk som vi meiner har drive kriminalitet rundt i Europa og å gje bevis til mange andre land i forhold til gjeringspersonar, seier Krossen.