NRK Meny
Normal

I dag seglar Fjord1 inn på Oslo Børs med milliardverdiar

Fjord1 er verdsett til 3,4 milliardar kroner når landets største ferjeselskap går på børs klokka ni i dag.

Kaptein Kjetil Sætre på MF «Årdal» slår med skipsklokka for å markere børsnoteringa av Fjord1.

SJÅ VIDEO: Kaptein Kjetil Sætre ombord «MF» Årdal på ferjesambandet Anda - Lote på E39, ringer med skipsklokka for å markere børsnoteringa av Fjord1. (FOTO: HARALD KOLSETH/NRK)

Kaptein Kjetil Sætre på MF Årdal.

MARKERTE: På ferjesambandet Anda - Lote på E39 markerte kaptein Kjetil Sætre ombord på MF «Årdal» børsnoteringa med kake og klokkeringing.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Alle fartøya i Fjord1-flåten blæs i fløytene og ringde med skipsklokkene då børsklokka opna Oslo børs klokka 09 i dag.

Fjord1 entra børsen med ein verdi på 3,4 milliardar kroner, og det er knytt stor spaning til kursen når børsen stenger i ettermiddag.

– Vi gler oss. Det er ikkje kvar dag eit selskap frå Sogn og Fjordane går på børs, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Vil ikkje flytte hovudkontoret

Han håper børsnoteringa gir lettare tilgang på kapital og meir blest rundt selskapet.

Men ikkje alle har vore like begeistra for børsnoteringa. Lokalt i Florø fryktar enkelte at mindre kontroll over selskapet kan føre til at hovudkontoret blir flytta frå kystbyen. Styreleiar i Fjord1, Vegard Sævik, seier dei ikkje har noko å frykte.

Vegard Sævik

OPTIMIST: Styreleiar i Fjord1, Vegard Sævik.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Hovudadministrasjonen ligg i Florø i dag og slik vil det vere også i framtida. Vi sit på 51 prosent av aksjane og kjem til å gjere det i uoverskuleg tid framover, seier han.

Så det er ikkje snakk om å selje seg meir ned?

– Vi har ingen planar om det og vi har ingen planar om å flytte hovudkontoret, seier han.

Trur på lys framtid

Transportforskar Gisle Solvoll trur børsnoteringa vil vere bra for Fjord1.

– Det blir lettare å få inn kapital og det blir lettare å kjøpe og selje aksjar. Men når det gjeld sjølve drifta av selskapet vil ikkje ei børsnotering ha så stor innverknad, seier han.

Økonomi og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe ringer Fjord1 inn på Oslo Børs.

PÅ BØRS: Økonomi- og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe ringer i bjølla på Oslo Børs for å markere noteringen av Fjord1.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Solvoll meiner det er positivt for selskapet at Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje lenger er inne på eigarsida.

– Med Sævik-familien har Fjord1 fått profesjonelle eigarar utan politiske bindingar. Forutan Fjord1 er Torghatten og Norled dei to andre store aktørane i ferjebransjen. Fjord1 står sterkt på Vestlandet, ser ut som om dei er konkurransedyktige og verkar å ha ei lys framtid, seier Solvoll.

MF Ivar Aasen

STØRST I NORGE: Fjord1, med hovudkontor i Florø og eigarar frå Sunnmøre, skal i dag noterast på Oslo Børs.

Foto: Ronny Myrset

Kommunikasjonsdirektør ved Oslo Børs, Per Eikrem, ønskjer Fjord1 velkomen.

– Det vi veit frå denne type selskap er at lokal forankring er viktig. Slik sett vil det truleg vere mange frå Sogn og Fjordane som vil sjå det som interessant å investere i Fjord1.

Får 10.000 i gåve

Fjord1 blir det største selskapet i Sogn og Fjordane på børs.

I samband med at Fjord1 går på børs, har leiinga bestemt at alle fast tilsette får ei aksjegåve til ein verdi av 10.000 kroner.

– Kvar einaste dag står våre tilsette på for å transportere reisande trygt over fjordane. Med oppstartsaksjar kan dei styrke eit allereie stort engasjement for Fjord1, seier Neteland.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.