Tunnelen har vore stengd på grunn av omfattande reparasjonsarbeid sidan eit polsk vogntog byrja å brenne i den 11 kilometer lange tunnelen.
I alt vart over 70 personar sende til sjukehus. Nokre med alvorlege skader.
LES OGSÅ: Kolonnekøyringa har gått greitt
– Vi ventar å kunne opne for normal trafikk, men frå klokka 21 i kveld blir det på nytt kolonne kontinuerleg for alle køyretøy. Den varer til klokka 07 fredag, men trafikken kan bli dirigert i periodar utover dagen og natta for å gjere ferdig noko arbeid, opplyser Statens vegvesen.
– Nok ei påminning
Mellom 40 og 50 millionar kroner er brukt på opprydding og arbeid i tunnelen etter brannen. Det er trekt 22 kilometer ny kabel og montert 2.000 koplingar til lysarmatur. I tillegg er også veggane måla kvite for å gje reisande på E16 ei betre oppleving.
I går vart tryggleiksutstyret testa.
– Dette er igjen ei påminning om kor utruleg sårbart samfunnet vårt er i høve til brot i kommunikasjonslinjer. Det er store samfunnsinteresse som står på spel når vegnettet blir stengd i lengre periodar, som vi har eksempel på her, seier regiondirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.